- Litt for skråsikker, Ole Petter?

- Det er viktig at genforskarane ikkje berre held seg innafor fire vegger utan å ta stilling til korleis teknologi og samfunn verkar saman, seier Berit Nygård. Saman med kollega Oddveig Storstad ved Senter for bygdeforsking oppmodar ho genforskar Ole Petter Thangstad til å setje seg meir inn i dei samfunnsmessige rammene for genteknologien, og sjå på si eiga forsking som ein del av ein større heilskap.

I siste nummer av Universitets-avisa uttalte genforskaren Ole Petter Thangstad seg på følgjande måte:

- Ingenting ville glede meg meir enn eit måltid med genmodifisert mat.

Han meinte agrobusiness vil kunne redde verda med genmodifisert mat, og tykte folk er for skeptiske til den nye teknologien på sviktande grunnlag. For mykje skrekkpropaganda, i følgje Thangstad. Men det finst også dei som meiner Thangstad og kollegaene hans er for skråsikre i iveren etter å overtyde oss om kor bra genteknologien er:

- Vi blir skeptiske til det Ole Petter Thangstad seier, når vi ser at han konsekvent manglar kritiske haldningar til si eiga forsking og ikkje vil ta stilling til dei samfunnsmessige konsekvensane av den genteknologiske forskinga, seier Berit Nygård og Oddveig Storstad ved Senter for bygdeforsking. Dei to forskar på forbrukarhaldningar til genmodifiserte matvarer, og Berit Nygård er ei av dei som har halde på lengst med dette feltet her i landet.

- Vi er overraska over at Thangstad, som er biolog, gjev uttrykk for at debatten om genteknologi er på villspor dersom ein blandar inn spørsmål om økologi og berekraftig utvikling. Etter vårt syn er det uråd å ta stilling til genteknologi i matvareproduksjonen utan å sjå dette i ein vidare samanheng. Forskarar skal ikkje drive politikk, men dei må ha eit kritisk blikk på det dei driv med og kva konsekvensar det kan få, meiner Nygård og Storstad.

Kunnskapsløyse?

Dei to sosiologane seier det er for enkelt å forklare skepsisen forbrukarane har til genmodifiserte matvarer, med at dei har for lite kunnskap om kva genteknologi er. Det er ikkje noko eintydig forhold mellom kunnskap og positive haldningar til genteknologien.

- Det er ein myte at kunnskap om genteknologi fører til meir positive haldningar. Fleire undersøkingar, både i Noreg og i andre europeiske land, viser at meir kunnskap om genteknologi gjer folk betre i stand til å gjera seg opp ei meining, men resultatet blir at både talet på skeptikarar og talet på dei som er mest positive til genteknologien, aukar. I Danmark har dei hatt ein offentleg debatt om genteknologi i 10?15 år, men av europearane er danskane av dei som er mest skeptiske til genteknologien, trass i at folk der har mykje kunnskap om emnet, seier Berit Nygård.

- Ole Petter Thangstad meiner at mangelen på kunnskap om genteknologi er ein fare for demokratiet?

- Slik vi ser det, er det ein større fare for demokratiet at utviklinga skal overlatast til marknadskreftene, og at dei som har spisskompetansen på genteknologi, skal ha monopol på debatten. Bruk av ny teknologi i matvareproduksjonen er eit tema som gjeld oss alle som forbrukarar. Det er derfor ønskjeleg at flest mogleg tek del i debatten, og at spørsmåla om etikk, miljø og berekraftig utvikling har ein viktig plass, meiner Berit Nygård.

Kom med argument!

Nygård og Storstad oppfordrar Thangstad og kollegaene hans til å komma med argument som kan overtyde folk om at det dei held på med, har ein opplagt nytteverdi. Det er faktisk ein del av jobben deira å kommunisere med samfunnet rundt seg.

- Folk vil kunne akseptere ein viss risiko dersom fordelane ved teknologien er store nok. I dag er ikkje folk i Noreg budde til å ete genmodifisert mat. Lekfolkskonferansen om genmodifisert mat, som vart arrangert i fjor, konkluderte med at dei ikkje ser noko behov for genmodifiserte matvarer. Og undersøkingane våre viser at under 10 prosent meiner at dei sikkert kjem til å kjøpe genmodifiserte produkt, mens om lag halvparten av forbrukarane er heilt sikre på at dei ikkje vil kjøpe slike produkt. Men folk er slett ikkje unyanserte i forholdet sitt til genteknologi. Når det er snakk om å bruke genteknologi i medisinen, er dei langt meir positive, fortel dei to forskarane.

Urovekkjande

Storstad og Nygård meiner at genforskarane treng kunnskap om kva som ligg til grunn for haldningane til folk. Sjølve må dei setje seg inn i andre fagfelt, for eksempel genteknologi, for å kunne gjere forskinga si, det burde ein også kunne krevje av genforskarane.

- Det ville vera veldig ønskeleg viss Ole Petter Thangstad kunne setje seg litt inn i korleis samfunnet fungerer og korleis forbrukarane tenkjer, seier Berit Nygård.

Det har komme fleire urovekkjande meldingar i det siste om uønskte og uventa konsekvensar av å setje ut genmodifiserte planter. Professor Terje Traavik ved Institutt for medisinsk biologi ved Universitetet i Tromsø skriv i ein kronikk i Dagbladet om alvorlege biverknader: Genmodi-fisert soya ser ut til å ha auka mengd av plantehormon som også kan påverke menneska. Store åkrar med genmodifisert bomull gjev ubrukelege avlingar. Marihøner som livnærer seg i genmodifiserte potet-åkrar, får halvert livslengda si.

- Korleis ser de som sosiologar på risikoen ved genteknologi?

- Det alltid vera uvisse knytt til risikovurderingar, og det kan vera stor forskjell på kva lek og lærd ser på som uakseptabel risiko. Dei såkalla ekspertane kan rekne ut at det er 0,000001 prosent sjanse for at ein uønskt konsekvens vil opptre og vil godta ein slik risiko viss han er liten nok. Men etter folkeleg tankegang kan «svært lite» også vera for mykje. Historia er full av «ulukker som ikkje kunne skje», frå Tsjernobyl til Estonia og Challenger. At vi har ein teknologi som vi meiner å ha kontroll over, er ingen garanti for at ting ikkje skjer, seier Oddveig Storstad.

Risiko på alvor

- Vi må ta risikooppfatninga til folk på alvor. Det verkar som om næringsmiddelindustrien har oppfatta det. Matgigantar som Orkla og Toro og organisasjonane i landbruket spør etter kunnskapen vår om haldningane til forbrukarane. Næringsmiddel-bedriftenes landsforening ønskjer ikkje å framskunde prosessen med å ta i bruk genmodifiserte råvarer i produkta. Men dei kan fort komma i ei klemme på grunn av soya, som er svært mykje brukt i alle slags ferdigvarer. Genmodifisert og ikkje-genmodifisert soya blir blanda i hop på marknaden. Det kan føre til at ikkje-genmodifisert soya blir vanskeleg å få tak i og han kan bli dyrare. Næringsmiddelindustri-en kan bli tvinga til å bruke genmodifisert soya. Og da blir det opp til næringsmiddelindustrien sjølv å informere folk om kva dette er og overtyde dei om at det er ufarleg. Eit minimumskrav er at genmodifiserte matvarer blir merkte, seier Nygård og Storstad. Dei minner om at det er bestemt at føre-var-prinsippet skal gjelde for genteknologien, det vil seie at vi skal ta like mykje omsyn til det vi veit som det vi ikkje veit, og at vi derfor må vera ekstra varsame før vi tek teknologien i bruk, seier Storstad og Nygård.

U-landsgode?

- Ole Petter Thangstad sender spørsmålet om genteknologien kan komma småbønder i India eller Guatemala til gode, vidare til filosofar, antropologar og sosiologar. De er to sosiologar, tek de utfordringa?

- Det er litt overraskande at Thangstad sender ballen vidare. Viss nokon skal overtyde nokon om at det skal komma småbønder til gode, så må det vel vera han. Eg kan godt innrømme at eg ikkje er så overtydd om at genteknologien kjem til å komma u-landa til gode. Det finst allereie mykje teknologi og kunnskap som u-landa kunne ha nytta, men som dei ikkje har tilgang på i dag. Dei største problema deira, som til dømes vassmangelen, kan ikkje løysast med genteknologi.

AV MARTE MONA


forsida  nyheter  kronikk  innspill  kultur  debatt