NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Jakta på den store jobben

Er du student og veit framleis ikkje kva du skal bli? Søk karriererådgjeving.


- Inntekt betyr mykje for studentane. Veldig mange spør om løna, fortel Thomas André Hepsø (28) som arbeider på Origo-senteret.
Foto: Erik Prytz Reitan

Døsig dag på Dragvoll. Det er knapt syklar i stativa, og gata er tom for studentar - dei heng i husveggar og vatnar plenar for å tena seg tusenlappar til hausten. Men ikkje alle har forlate universitetet. Mussie Debesai (28) sit bak éin av dei tre PC-ane på Origo, NTNU sitt karrieresenter på Dragvoll, og klikkar etter den store jobben. Statsvitskapstudenten er i beit for pengar, men det er ikkje lett å få seg jobb. Mussie har søkt 30 jobbar utan å få napp.

- Eg manglar erfaring, sukkar han. Mussie har brukt Origo-senteret fleire gonger og meiner det er lurt å starta tidleg jobbsøkinga. - Det har vore med å bevisstgjera meg på kva jobb eg verkeleg vil ha.

Student hjelper student

Trine Alfredsen (27) kjem stormande inn i lokalet. Ho er i innspurten på hovudfagsoppgåva i sosiologi og treng hjelp med jobbsøknaden sin. Ho har hendene fulle av CV-ar og andre søknadspapir og spurtar ut like hurtig som ho kom inn. Det blir stille, og mannen bak skranken, Thomas André Hepsø (28), kan strekkja på føtene. I løpet av det året hovudfagsstudenten i psykologi har arbeidd på Origo-senteret, har han møtt mange fortvila studentar på leit etter arbeid.

- Alt for få har tenkt gjennom kva dei vil etter utdanninga. Resultatet blir at mange opplever at dei har valt feil jobb, seier Thomas. Han fortel om ferdig utdanna kandidatar med cand.mag eller hovudfag, som sjølv etter opptil sju år på universitetet ikkje veit kva jobb dei vil ha.

På Origo-senteret møter studentane medstudentar bak skranken.

- Dette gjer det lettare for å ta kontakt, hevdar Thomas. Han arbeider saman med tolv andre hovudfagsstudentar. Miljøet er godt.

- Me er nesten som ein familie, smiler Thomas.

Søk tidleg

Thomas meiner jobben på Origo-senteret har gjeve han eit glimrande utgangspunkt for sjølv å søkja jobb.

- Eg har fått mange kontaktar både i næringslivet og i jobbformidlingsbyrå.

Dessutan har Thomas halde fleire jobbsøkjarkurs ved Origo-senteret ? noko som har vore ein fordel når han sjølv har søkt på jobbar. Thomas er nettopp komen tilbake frå intervju i Oslo. Han er éin av 500 som har søkt på 25 trainee-stillingar i Posten. Thomas vil til hovudstaden.

- Der er arbeidsmarknaden betre. Alle venene mine har flytta dit. Dessutan treng eg miljøforandring.

Thomas har tidlegare arbeidd som grafisk formgjevar, informasjonsarbeidar og i helse- og omsorgsbransjen.

- Eg er nyfiken og likar å prøva nye ting. Det er mange som ikkje startar med jobbsøkjarprosessen før dei er ferdige med hovudoppgåva. Det er altfor seint. Det er viktig å byrja tidleg å sondera terrenget, gjerne fire-fem månadar før ein er ferdig.

Sjølv skal Thomas prøva å bli ferdig med hovudoppgåva til neste vår, men veit at det kan bli vanskelg viss han får jobben i Posten.

- Eg hoppar uti det, så får me sjå. Kjenner mange studentar som ikkje har greidd å levera fordi dei har funne draumejobben. Eg skal bli ferdig -< det er oppgåva som er viktigast. Blir eg ikkje det, veit eg at oppgåva kjem til å hengja over meg resten av livet, seier Thomas André Hepsø.

Les også: Næringslivet kjempar om NTNU-studentar
Les også: Attraktive humanistar
Les også: Seks gode råd om jobbsøking