NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Attraktive humanistar

Fullfører humanistar,samfunns- og naturvitarar utdanninga si, går det dei godt. No er næringslivet i ferd med å oppdaga miljøa på Dragvoll og Lade.


Studentar vel tradisjonelt. Over 60 prosent arbeider i skuleverket eller i offentleg administrasjon. - Men no har næringslivet for alvor fått opp augo for Dragvoll- og Lade-studentane, seier Tor Bollingmo, leiar ved Origo, NTNU sitt karrieresenter.
Foto: Erik Prytz Reitan

Halvparten av humanistane, samfunns- og naturvitarane har fast arbeid innan ein månad etter endt utdanning. Tre av fire er i jobb innan seks månadar. Dette viser ei kandidatundersøking som er utarbeidd av Origo, NTNU sitt karrieresenter. Undersøkinga er basert på 850 returnerte spørjeskjema frå kandidatar ved NTNU med cand.mag.-grad eller hovudfag. Svarresponsen var 70 prosent.

Tener bra

- No kan me avliva mytane om at studentar frå dei frie faga ikkje får seg jobb og at yrka er dårleg betalt, seier Tor Bollingmo, leiar ved Origo-senteret.

Den gjennomsnittlege månadsinntekta for kandidatane var 22 000 kroner. Desse verdiane stemmer godt med NIFU (Norsk institutt for studier av forskning og utdanning) sin kandidatundersøking frå 1997. I følgje tal frå NIFU har ingeniørar ved kjemitekniske fag lågast månadsløn på 16 500 kroner.

- Det låge lønsnivået har samanhang med at ein stor del av dei høgskuleutdanna kjemiingenørane ikkje arbeider med det dei er utdanna til, forklarar Bollingmo.

Kandidatundersøkinga viser at universitetsutdanna i privat sektor i gjennomsnitt tener 1 000 kroner meir per månad samanlikna med offentleg tilsette. For nokre fag som psykologi og informatikk utgjer skilnaden 3 000 kroner i månaden.

Tenkjer tradisjonelt

Undersøkinga viser at psykologar og pedagogar får lettast arbeid - blant kandidatar med allmennvitskapleg utdanning, medan språkfag- og biologiutdanna har strammast arbeidsmarknad. Bollingmo er uroa over at over éin av fire kandidatar frå biologifaga opplever mistilpassing i arbeidet sitt, det vil seia ufrivillig deltidsarbeid eller irrelevant arbeid.

- For realfagsstudentane er arbeidsmarknadsorienteringa i studietida nesten lik null. Erfaring viser at det skal lite informasjon til for at studentane skaffar seg betre oversikt over jobbmarknaden. Frå Origo-senteret har me fleire døme på realfagstudentar som etter litt rettleiing raskt har fått gode jobbar, fortel Bollingmo

Studentar tenkjer framleis tradisjonelt i val av yrke. Over 60 prosent arbeider i skuleverket eller i offentleg administrasjon.

- Men no har næringslivet fått opp augo for Dragvoll- og Lade-studentane. Ein fjerdedel av kandidatane som fullførte cand.mag.-grad eller hovudfag i perioden 1993-97, arbeider i privat sektor. Denne utviklinga vil bli forsterka i åra som kjem, hevdar Tor Bolllingmo.

Les også: Næringslivet kjempar om studentane
Les også: Jakta på den store jobben
Les også: Seks gode råd om jobbsøking