NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Næringslivet kjempar om studentane
Siv.ing.-ar med jobbtilbod før endt utdanning

Jobbane står i kø for teknologistudentane ved NTNU. Over 60 prosenta av siv.ing.-studentane har tilbod om jobb før endt utdanning.


Mussi Debesai (28) kikker etter jobber ved karrieresenteret på Dragvoll.
Foto: Erik Prytz Reitan

60 prosent av maskinstudentane dei siste to skuleåra har hatt jobbtilbod før dei har levert hovudoppgåva. Ved Institutt for produktdesign har alle kandidatane opptil fleire jobbar på hand meir enn eit halvt år før endt utdanning. Dette går fram av ein oversikt over alle hovudoppgåvestudentane ved Faktultet for maskinteknikk (Maskin).

Teknologihets

Åge Søsveen, faktultetsdirektør på Maskin, meiner kleppinga av studentar under utdanning berre vil halda fram sidan næringslivet er i ferd med å oppdaga studentane sin kompetanse i stadig større grad.

- Problemet er at me ikkje klarar å skaffa nok kandidatar, seier Søsveen. Han er derfor uroa over at søknaden til maskinstudiet har vore sviktande dei siste åra. Fakultetsdirektøren hevdar årsaka er generell «teknologihets» i samfunnet.

- Dessutan har tradisjonelle siv.ing.-studium komne i skuggen av IT-kampanja ved NTNU - trass i at Maskin er blant dei tyngste brukarane av IT, seier Søsveen.

Lett å få jobb

Det er ikkje berre ved Fakultet for maskinteknikk arbeidsmarknaden er lukrativ for studentane.Ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing (Ind.øk.) hadde 80 prosent av avgangsstudentane i fjor haust jobbtilbod før dei var ferdig med å studera. Det viser ei arbeidssituasjonsundersøking som er blitt utført av Bindeleddet, Ind.øk. si linjeforeining.


Trine Alfredsen (27) får hjelp av Origo-medarbeider May Linda Hamm (24) med jobbsøknaden sin. 
Foto: Erik Prytz Reitan

Arbeidsmarknadsundersøkinga til Norske Sivilingeniørers Forening (NIF) stadfestar også tendensen. Resultata frå siste undersøking i 1997 viser at talet på arbeidslause siv.ing.-ar er kraftig redusert frå 1995 til 1997. I 1997 gjekk 98 av 100 siv.ing.-ar rett ut i arbeid etter dei var ferdige. På fagretningane data, elkraft, marin prosess og øk/adm var det i 1997 ingen utan jobb. Kjemi, miljøfag og berg hadde høgst arbeidsløyse. Ni av ti kandidatar svara at stillinga dei hadde fått var i samsvar med den fagretninga dei hadde gått og med utdanningsnivået dei hadde.

1. Kjelde: Arbeidsmarkedsundersøkelse blant eksamenskandidater 1997 (NIF).

2. Kjelde: Oversikt over hovudoppgåve-studentar ved Fakultet for maskinteknikk 1997-1999.

3. Kjelde: Arbeidssituasjonsundersøkinga 1998 utført av Bindeleddet.

Les også: Attraktive humanistar
Les også: Jakta på den store jobben
Les også: Seks gode råd om jobbsøking