Kva seier generativ KI om kvalitet i IT-utdanning?
DOI:
https://doi.org/10.5324/739ssc03Keywords:
IT-utdanning, kvalitet, samstemd undervisning, KI, språkmodellarAbstract
Dei siste åra har generativ KI basert på store språkmodellar fått stor popularitet til ulike formål, både innan akademia og elles i samfunnet. Éin mogeleg bruk kan vere å få kjapt innblikk i eit nytt tema gjennom eit konsist samandrag. I denne artikkelen prøver vi å finne ut kva generativ KI seier om kvalitet i høgare IT-utdanning. Forskingsspørsmålet er ikkje primært å finne ut kva utdanningskvalitet er (som fagfolk allereie burde ha eigne idear om), men vel så mykje å finne ut noko om desse systema og – indirekte – kva dei har lært om utdanningskvalitet frå treningsmaterialet sitt. To ulike prompt blei brukte, der det første spør om kvalitet i høgare IT-utdanning på ein open måte, medan det andre spesifikt vinklar spørsmålet mot samstemd undervisning (constructive alignment). Tre ulike KI-system vart brukte første måndag i kvar månad gjennom eit halvt år, for også å kunne sjå eventuelle skilnader mellom systema og utvikling over tid. Dei primære funna er at det var ganske stor skilnad på svar mellom dei to ulike prompta, men mindre skilnad i svar på same prompt mellom ulike KI-system, og ingen klar tendens til utvikling i svara over den tidsperioden studien føregjekk.
Downloads
Downloads
Published
Issue
Section
License
Copyright (c) 2025 Guttorm Sindre, Line Kolås, Robin Isfold Munkvold

This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.