Om å kartleggja mørk materie med maskinlæring

Authors

  • Hans Georg Schaathun NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
  • Ben David Normann NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
  • Kenny Solevåg-Hoti NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet

Keywords:

gravitasjonslinsing, maskinlæring, rouletteformalisme, mørk materie, simulering

Abstract

Gravitasjonslinsing er fenomenet der ljos frå fjerne himmellegeme vert avbøygd av tyngdekraften frå andre himmellegeme, som ofte ikkje er fullt synlege fordi mykje av massen er mørk materie. Observert gjennom ei gravitasjonslinse, framstår fjerne gallaksar som forvrengde. Der er mykje forskingsaktivitet som freistar å karleggja mørk materie ved å studera linseeffektar, men dei matematiske modellane er kompliserte og utrekningane krev i dag mykje manuelt arbeide som er svært tidkrevjande. I denne artikkelen drøftar me korleis me kan kombinera rouletteformalismen åt Chris Clarkson med maskinlæring for automatisk, lokal estimering av linsepotentialet i sterke linser, og me presenterer eit rammeverk med programvare i open kjeldekode for å generera datasett og validera resultat.

Downloads

Download data is not yet available.

Downloads

Published

2023-11-30