Ungdom, livsstil og helse

Undervisningsopplegg for vidaregående skule:

Ungdom, livsstil og helse

I samarbeid med Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) har vi utvikla eit læringsopplegg for vidaregåande skule. Opplegget er ein del av kompetansemåla i Naturfag og skal bidra til at ungdom blir meir medvitne sin eigen livsstil ved å utforske aktivitetsnivå, skjermtid, søvnmønster og kosthald.

 For lærarar og elevar: Sjå fagsida for kompetansemål og oppgåver her.

Bakgrunn

Det er godt kjent at livsstilen vår har stor betyding for helsa vår. Ei av dei verkeleg store helseutfordringane i dagens samfunn er inaktivitet i kvardagen. Endringar i våre reisevanar, arbeidsrutinar, tilgang på informasjon på nettet, og tilrettelegging for lettvinte løysingar på mange område gjer at folk beveger seg mindre og mindre, og talet på personar med fedme og tilhøyrande komplikasjonar aukar trugande i befolkninga. 

Med dette prosjektet ynskjer vi å aktivisere og engasjere ungdom i vidaregåande skule til å lære meir om fysisk aktivitet og kosthald. Målet er å auke kunnskapen om desse emna, og gjere elevane medvite sitt eige aktivitetsnivå og kosthald med referanse til "verkelege" data i HUNT-materialet, samt innsamling av eigne data. Ambisjonen vår er at dette skal føre til gode fysiske aktivitets- og kosthaldsvanar som ungdomen tek med seg inn i vaksenlivet. 

 

HUNT for studentar

HUNT for studentar

HUNT har stadig kontakt med studentar frå ulike utdanningsinstitusjonar. HUNT representerer eit fagmiljø som blant anna blir nytta i undervisninga på medisinstudiet ved NTNU i Trondheim. 

Data frå HUNT har blitt nytta av mange studentar i ulike arbeid og hovudoppgåver. Studentar som ønskjer kontakt med HUNT med tanke på å nytte data frå HUNT i forsking, hovudoppgåver eller liknande, kan lese meir om dette på sida "Access to HUNT data"

Finn ut meir!

Finn ut meir!

Sjå på tall og kart frå Trøndelag:

Les meir om forsking og naturfag

  • viten.no (Naturfagssenteret)
  • NDLA (Digitale læremidler for vidaregående opplæring)