Om forskingsgruppa

Vi i LOM undersøkjer korleis det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling kan integrerast i litteraturundervisninga. I gruppa arbeider vi med dette temaet frå fleire vinklar.

For det fyrste er vi interesserte i stadsbasert undervisning og korleis litterære tekster representerer og problematiserer miljø og førestillingar om det. Kva skjer når vi tek med studentar og elevar på ekskursjon i norskfaget? Korleis kan møtet mellom litterære stadsskildringar og konkrete stader stimulere litterær forståing? Berekraftsorienterte tilnærmingar til litteratur og stad er eit felt i vekst i skandinavisk litteraturforsking (jf. Eggersen, 2016; Borg, 2022). LOM vil bidra med norske perspektiv til dette feltet.

For det andre analyserer og fortolkar vi litterære tekster med vekt på berekraftdidaktisk relevans i vid forstand. Medlemene i LOM interesserer seg for både barne-, ungdoms- og vaksenlitteratur. Vi drøftar og underviser i tekster i ei rekkje sjangrar og medium, særleg lyrikk, romanar og teikneseriar. Vi meiner at elevar og studentar bør møte tekster av høg kvalitet som stimulerer til refleksjon og kritisk tenking om komplekse problemstillingar.

Dette heng saman med det tredje viktige perspektivet i gruppa. Evner til å forstå komplekse system, samhandle med andre, og tenkje kritisk blir rekna som sentrale eigenskapar for berekraftige borgarar (Wiek et al., 2011). I nyare økokritikk er det dessutan ein sentral tanke at menneske i antropocen ikkje kan ha full oversikt over konsekvensane av eigne handlingar (jf. Clark, 2015; Garrard, 2007). Dette utgjer eit tydeleg, men fram til no uutforska, samanfall mellom berekraftdidaktikk og ei litteraturundervisning der skjønnlitteratur er eit fagspesifikt «problem» (jf. Sønneland, 2019). Gjennom case-studiar av litterære samtaler og estetiske arbeidsmåtar vil vi utforske korleis litterær kompetanse og berekraftkompetansar kan forsterke kvarandre gjensidig.

LOM spring ut av fagseksjon for norsk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU i Trondheim.

Referansar

Borg, C.B. (2022). Ekokritisk rumsanalys. I C.B. Borg, J. Bruhn & R. Wingård (Red.), Ekokritiska metoder (s. 159–190). Studentlitteratur.

Clark, T. (2015). Ecocriticism on the Edge: The Anthropocene as a Threshold Concept. Bloomsbury Academic.

Eggersen, D.V (2016). Afsted med jer! Stedbaseret læsning som litteraturpædagogisk metode. I K. Bock, H. Bonderup, M.V. Christensen, D.V. Eggersen, N.B Gøttsche, Aa. Holmgaard, M.-M. Rydén, H.B. Svendsen & S. Tetler (Red.), Genrepædagogik — og andre nye veje i læse- og skriveundervisningen (s. 195–214). Hans Reitzels Forlag.

Garrard, G. (2007). Ecocriticism and Education for Sustainability. Pedagogy, 7(3), 359–383.

Morton, T. (2012). Practicing Deconstruction in the Age of Ecological Emergency. I G. Garrard (Red.), Teaching Ecocriticism and Green Cultural Studies (s. 156-166). Palgrave Macmillan.

Sønneland, M. (2019). Teksten som problem. En studie av litterære samtaler i ungdomsskolen. Doktoravhandling, Universitetet i Stavanger.

Wiek, A., Withycombe, L., & Redman, C. L. (2011). Key Competencies in Sustainability: A Reference Framework for Academic Program Development. Sustainability science, 6(2), 203-218.