Kan genmat dyrkes økologisk?

I Universitetsavisa nr. 10 for 4, juni er dagleg leiar Emil Mohr i Debio ute og gjer merksam på at det er forbode i følgje regelverket å dyrke genmat økologisk. Men dette var vi som står bak prosjektet, fullt klar over da vi søkte NTNU om støtte til eit fleirfagleg prosjekt på dette tema. No har det vore fleire presseoppslag om vårt prosjekt, som heller ikkje vi har likt så godt. Ein kunne jo f.eks av Adresseavisen få inntrykk av at ein alt var i gang med å dyrke genmodifiserte jordbær, noe som altså ikkje er tilfelle. Men i eit samarbeid mellom faga botanikk, filosofi og sosiologi ønskjer vi altså å finne ut om det er mogeleg å utvikle genmodifiserte planter som kan greie seg utan konvensjonelle sprøytemiddel og kunstgjødsel. Pr. i dag kan dette etter regelverket ikkje kallast økologiske produkt, men desse plantene finst heller ikkje, så det er eit akademisk problem. Men kan Mohr garantere oss kva regelverket seier om ti eller femten år? Og skal vi la vera å tenke ein tanke fordi «den er forbudt»?

Elles er det litt ironisk at ein representant for det økologiske miljøet kjem trekkjande med ein EU-kommissær (Fischler) for å vise kor på jordet vi er med vårt prosjekt om øko-genmat. Men det kan jo ikkje vera slik at forskinga skal la seg styre av det som til kvar tid er konvensjonell visdom i EU sitt regelverk. Tvert imot må forskinga vera fri og framfor si tid, og innretta på det som kan vera aktuelt om 10-15 år. Kommersialisering av planter tar dessutan lang tid. Det kan godt hende at vi i løpet av prosjektet finn ut at økologisk landbruk og genmodifisering ikkje kan sameinast. Men da står det att ei mulighet til ei «økologisering» av det konvensjonelle landbruket som vi ikkje kan la stå uprøvd. Da kan det godt hende at det økologiske miljøet blir ståande att på perrongen, eller blir splitta, rett og slett fordi dei ikkje kjente si besøkelsestid. Eg ser for meg timoteiplanter, som på same måten som kløverplanter kan ta nitrogen ifrå lufta utan å gå den kostbare vegen om Norsk Hydro. Ein skremmande tanke for Norsk Hydro og noen fundamentalistar i det økologiske landbruksmiljøet, javel, men kva vil bonden og forbrukaren seie?

Det vil også vera vera interessant å sjå nærare på omgrepet «økologisk», både slik det er definert i Debio-reglane, men og slik det blir forstått av folk flest. Vi kan ikkje sjå bort frå at ein blant anna gjennom å vinne ny kunnskap om planteslag og dyrkingsteknikkar kan redefinere dette omgrepet. Eit grunnleggande poeng må vera at omgrepet økologisk landbruk betyr dyrking på naturen sine premissar.

For NTNU-prosjektet
«Bærekraftig landbruk ved hjelp av økologisk dyrkede
genmodifiserte planter»
Reidar Almås


forsida  nyheter  kronikk  innspill  kultur  debatt