Fotosamlinga

Fotosamlingen

Fotosamlingen

Fotosamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet inneheld foto av lause og faste kulturminne frå museumsdistriktet, som dekker Trøndelag, nordre del av Møre og Romsdal og Helgeland i Nordland.

Foto av lause kulturminne representerer hovudsakleg bilde av arkeologiske objekt i vår arkeologiske samling. Det finst likevel også bilde av kyrkjeinventar, myntar og medaljongar, samiske og etterreformatoriske gjenstandar, samt etnografika som høyrer til dei andre samlingane våre.  
  
Fotografi av faste kulturminne frå det midt-norske landskapet omfattar mellom anna gravhaugar, bergkunst, bautasteinar, bygdeborger, kultstader, kyrkjer, kloster m.m. I tillegg finst ei større samling av fotografi som dokumenterer arkeologiske utgravingar. 
 
Diasbilder på lysplate. Foto: Åge Hojem / NTNU VitenskapsmuseetSamlinga femnar meir enn 570 000 fotografi og dokumenterer verksemda ved museet gjennom tidene. Dei eldste fotografia frå slutten av 1800-talet er glasplatenegativ i ulike storleiker. Frå byrjinga av 1900-talet vart film på rull (negativ) i ulike format meir og meir vanleg. Etter kvart vart det teke i bruk lysbildefilm (positivar) for bruk i  lysbildeframvisarar; den tidas projektorar. Desse fotoa er analoge og blei laga ved at lys påverka eit materiale kjenslevart for lys, og måtte etter opptak bli framkalla ved hjelp av kjemiske prosessar. Vidare kunne ein lage papirkopiar av desse negativa. Filmrullane gjorde det mogleg å ta fleire eksponeringar enn det ein kunne med glasplater. Dette leidde til ein vesentleg auke i talet på bilde i fotosamlinga.

Sidan byrjinga på 2000-tallet har digital fotografering teke over, og tilveksten på fotosamlinga er dermed i konstant vekst.  I dag har såleis Vitskapsmuseet meir enn 150 000 digitale bilde i samlingane.  Somme av desse kan ein sjå i Unimusportalen eller på Flickr. Gjenstandsfoto kan ein dessutan også finne i Collections Online. Ein kan laste ned bilda gratis frå desse portalane under føresetnad om at våre vilkår for bruk og fotolisens blir følgd.

Mann jobber med bilder på datamaskinen. Foto: Åge Hojem / NTNU VitenskapsmuseetNTNU Vitskapsmuseet arbeider kontinuerleg med å oppdatere og gjere samlingane tilgjengelege på nett. Likevel er framleis ein stor del av fotosamlinga ikkje digitalisert. Dersom bilda ikkje er tilgjengelege på nettportalane, er sannsynet likevel stort for at vi har dei i vår analoge samling.

Kontakt kurator for fotosamlinga ved NTNU Vitskapsmuseet på e-post: arkiv@vm.ntnu.no for å finne ut om vi har foto som ikkje er publisert. 


fotosamling_bunn

Foto: Per Fredriksen / NTNU Vitenskapsmuseet