Jakta på den store jobben
Er du student og veit framleis ikkje kva du
skal bli? Søk karriererådgjeving.
- Inntekt betyr mykje for studentane.
Veldig mange spør om løna, fortel Thomas André Hepsø
(28) som arbeider på Origo-senteret.
Foto: Erik Prytz Reitan
Døsig dag på Dragvoll. Det er knapt
syklar i stativa, og gata er tom for studentar - dei heng i husveggar og
vatnar plenar for å tena seg tusenlappar til hausten. Men ikkje alle
har forlate universitetet. Mussie Debesai (28) sit bak éin av dei
tre PC-ane på Origo, NTNU sitt karrieresenter på Dragvoll,
og klikkar etter den store jobben. Statsvitskapstudenten er i beit for
pengar, men det er ikkje lett å få seg jobb. Mussie har søkt
30 jobbar utan å få napp.
- Eg manglar erfaring, sukkar han. Mussie har
brukt Origo-senteret fleire gonger og meiner det er lurt å starta
tidleg jobbsøkinga. - Det har vore med å bevisstgjera meg
på kva jobb eg verkeleg vil ha.
Student hjelper student
Trine Alfredsen (27) kjem stormande inn i lokalet.
Ho er i innspurten på hovudfagsoppgåva i sosiologi og treng
hjelp med jobbsøknaden sin. Ho har hendene fulle av CV-ar og andre
søknadspapir og spurtar ut like hurtig som ho kom inn. Det blir
stille, og mannen bak skranken, Thomas André Hepsø (28),
kan strekkja på føtene. I løpet av det året hovudfagsstudenten
i psykologi har arbeidd på Origo-senteret, har han møtt mange
fortvila studentar på leit etter arbeid.
- Alt for få har tenkt gjennom kva dei vil
etter utdanninga. Resultatet blir at mange opplever at dei har valt feil
jobb, seier Thomas. Han fortel om ferdig utdanna kandidatar med cand.mag
eller hovudfag, som sjølv etter opptil sju år på universitetet
ikkje veit kva jobb dei vil ha.
På Origo-senteret møter studentane
medstudentar bak skranken.
- Dette gjer det lettare for å ta kontakt,
hevdar Thomas. Han arbeider saman med tolv andre hovudfagsstudentar. Miljøet
er godt.
- Me er nesten som ein familie, smiler Thomas.
Søk tidleg
Thomas meiner jobben på Origo-senteret har
gjeve han eit glimrande utgangspunkt for sjølv å søkja
jobb.
- Eg har fått mange kontaktar både
i næringslivet og i jobbformidlingsbyrå.
Dessutan har Thomas halde fleire jobbsøkjarkurs
ved Origo-senteret ? noko som har vore ein fordel når han sjølv
har søkt på jobbar. Thomas er nettopp komen tilbake frå
intervju i Oslo. Han er éin av 500 som har søkt på
25 trainee-stillingar i Posten. Thomas vil til hovudstaden.
- Der er arbeidsmarknaden betre. Alle venene mine
har flytta dit. Dessutan treng eg miljøforandring.
Thomas har tidlegare arbeidd som grafisk formgjevar,
informasjonsarbeidar og i helse- og omsorgsbransjen.
- Eg er nyfiken og likar å prøva
nye ting. Det er mange som ikkje startar med jobbsøkjarprosessen
før dei er ferdige med hovudoppgåva. Det er altfor seint.
Det er viktig å byrja tidleg å sondera terrenget, gjerne fire-fem
månadar før ein er ferdig.
Sjølv skal Thomas prøva å
bli ferdig med hovudoppgåva til neste vår, men veit at det
kan bli vanskelg viss han får jobben i Posten.
- Eg hoppar uti det, så får me sjå.
Kjenner mange studentar som ikkje har greidd å levera fordi dei har
funne draumejobben. Eg skal bli ferdig -< det er oppgåva som er
viktigast. Blir eg ikkje det, veit eg at oppgåva kjem til å
hengja over meg resten av livet, seier Thomas André Hepsø.
Les også: Næringslivet
kjempar om NTNU-studentar
Les også: Attraktive
humanistar
Les også: Seks
gode råd om jobbsøking
|