NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Mannen bak PBL på Bygg: 

- Eit stykkje att å gå 

- Me har eitt stykkje att å gå, seier professor Rolf Lenschow, eldsjel bak PBL på Bygg. Den tidlegare universitetsrektoren har henta mykje av inspirasjonen til PBL frå eit år ved Stanford University i California, som i lang tid har kopla PBL og teknologiutdanning. Han vedgår at fakultetet ikkje har teke steget fullt ut. 

- At noko av det gamle heng att er naturleg fordi dei gamle undervisningsformene er ein del av sjela til lærarane. Men endringsprosessen er i gang: No kjem faktisk lærarar sjølve for å føreslå reduksjon i dei tradisjonelle førelesingane i undervisinga. 

- Kva må gjerast med eksamensordninga for å tilpassa ho meir til resten av undervisningsopplegget? 

- Studentane er rasjonelle med tanke på eksamen. Me har derfor vekta prosjektarbeidet slik at det omlag vil telja halvparten av den totale karakteren i eit kurs. 

- Kva vil de gjera for å betre effekten av gruppearbeidet i PBL? 

- Me må ofra prosessen i gruppene langt større merksemd. Me trudde det ville gå seg til, men det krevst ei mentalitetsendring både blant studentar og lærarar. 

- Vil det bli arrangert kurs i korleis å arbeida i grupper? 
- Ja. Til hausten startar me i tillegg opp med «E-bok», eit prosjekt som skal læra tilsette og studentar meir om kva den nye læringsprosessen inneber. 20-30 studentar blir utstyrt med bærbar PC der dei kvar studiedag skal rapportera om tidsbruk, faglig progresjon, utbytte av førelesingar , øvningar og prosjekt, og om korleis arbeidet med studiane og arbeidet i gruppene fungerer. 
     
       
Les også: Sterk kritikk av PBL på Bygg 
Les også: Vil ha ny eksamensform