NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Sterk kritikk av PBL på Bygg 

Tradisjonell eksamen og dårleg effekt av gruppearbeid kan slå føtene under den prestisjefylte undervisingsforma Prosjektbaserte læring (PBL) ved fakultet for bygg- og miljøteknikk. 

PBL ved fakultet for bygg- og miljøteknikk har eit stort betringspotensiale, viser ei ny NTNU-undersøking av PBL-undervisinga ved fakultetet som starta opp hausten 1997. Undersøkinga, som er gjort blant fyrsteårsstudentar ved fakultet for bygg- og miljøteknikk vårsemesteret 1998, viser at 1) mykje av tida i studentgruppene går med til privatsamtalar; 2) det finst ingen dagsorden og ingen framdriftsplan; 3) styringa av arbeidsprosessen er uklar; 4) arbeidet er ujamnt fordelt, og 5) studentar møter opp utan å vere budd. 

Systemet sviktar 

Det er Markus Sorge ved Seksjon for universitetspedagogikk (PLU) som har stått bak stått bak sprøjeundersøkinga som omfattar over 135 1., 2. og 3. semestersstudentar ved fakultetet. Svarprosenten var 60. Ei tilsvarande undersøking gjort for hausten 1998 stadfestar eller forsterkar tendensane. 

Markus Sorge arbeider tett opp mot fakultet for bygg- og miljøteknikk som pedagogisk rådgivar. Han hevdar at det ikkje er manglane vilje hjå studentar og tilsette det står på. 

- Det er systemet som inneheld nokre fallgruver: Studentane og dei tilsette må bli kursa i prosjektarbeid før dei blir kasta ut i det. Det trengst større omstillingsevne både hjå studentar og hjå vitskapleg tilsette på Bygg for å få PBL til å fungera, hevdar Sorge. 

Det største problemet med PBL-gruppearbeidet på Bygg - slik Sorge ser det - er at studentane i for liten grad overfører kunnskap til kvarandre. 

- Målet med gruppene har vore at kvar student i gruppa skal blir «spesialist» på sitt felt, det viser seg at studentane jobbar med sin eigen del av oppgåva for så å sy dette saman til den endelege prosjektrapporten, seier Sorge. 

Gamaldags 

- Undervisingsleiinga på Bygg er for opphengt i det gamle. Det er som å hoppa over ein bekk. Satsar du ikkje for fullt, ramlar du nedi med begge føtene. Det er det faktultet for bygg- og miljøteknikk har gjort. Dei har ikkje teke steget fullt ut, seier Dan Yngve Jacobsen, som har skrive doktorgrad om PBL, og som har vore éin av forfattarane bak det so kalla «Digitalis-prosjektet». Digitalis er eit samlenamn på evalueringa av fleire prosjekt ved NTNU og HiST som har integrert IKT i undervisinga. Ein hovuddel av denne rapporten evaluerer PBL på Bygg. Evalueringa, som er basert på interne evalueringsrapportar, møter i referansegruppe, intervju med studentar og på diverse tallmateriale, viser PBL ikkje har ført til dårlegare resultat i det faget metoden er nytta. 

- Studentane er rasjonelle; dei vil gjera det godt på eksamen og legg opp eigne arbeidsmåtar etter det. Dessverre har ikkje eksamen endra seg i same grad som undervisningsforma, seier Dan Yngve Jacobsen og illustrerer: 

- I fyrste semester skal studentane gjennomføra eit IT-prosjekt som skal likna mest mogleg på den måten dei seinare kjem til å bruka IT-reiskap på i arbeidslivet. Dette tek også sjølve prosjektet omsyn til. Men på eksamen i det same IT-faget blir det berre spurt etter teori og reine tekniske kunnskapar. Ein kan i høgste grad seia at det framleis er for lause koplingar mellom eksamen og PBL, seier Jacobsen, som saknar ei meir heilskapleg pedagogisk tenking frå fakultetet si side. 

Eitt av problema som Jacobsen peikar på er den høge legitimitetsfaktoren studentane har: 

- Studentane er i stort sett positive til undervisningsopplegget - relevans for praksis synest å vera viktig. Studentane set også pris på studentaktive arbeidsformer. Men det som er uheldig er at når studentane er nøgde, tek leiinga dette som eit klart signal at undervisinga fungerer - utan å sjå på det vidare potensialet i arbeidsmåten. Dette gjeld både for medisinstudiet og PBL på Bygg, avsluttar Jacobsen. 

    
TEKST: NORALV PEDERSEN 
    
Les også: Eit stykkje att å gå 
Les også: Vil ha ny eksamensform