Synspunkt

Relasjonar

Det er vanskeleg å finne ei god norsk omsetting av ordet relasjon. Tanum bruker ord som forhold eller forbindelse. På nynorsk kan ein skrive samhøve eller samband. Det er enda vanskelegare å finne eit godt norsk uttrykk for public relation, PR..

Alumnus eller alumn er eit anna fremmedord som kan vere aktuelt å merke seg i tida framover. I Nynorskordboka finn vi det ikkje - mellom aluminium og alun (dobbeltsulfat). I Tanums står det derimot oppført, og ordet er omsett med kostskoleelev. Etter kvart har ordet fått ei meir allmenn tyding og blir nå brukt om tidlegare studentar, gjerne samla i ei eller anna form for nettverk eller organisasjon.

Universitetet har sett i gang ein prosess for å finne ut om det kan vere grunnlag for å få i stand ein alumni-organisasjon her hos oss. Særleg i utlandet har mange universitet og høgskolar funne ut at det kan vere både hyggeleg og nyttig å bygge opp eit nettverk av gamle elevar og studentar. Om det blir noen alumni-organisasjon ved NTNU får vi svaret på når grunnlagsmaterialet og erfaringane frå andre universitet blir lagt fram til diskusjon.

Formålet med å bygge opp eit alumni-nettverk er uansett å skape relasjonar, gjerne public relations. Dei fleste innser at universiteta treng gode relasjonar til samfunnet omkring seg. Dersom politikarar, publikum og næringsliv ikkje ser at universiteta er nødvendige institusjonar, blir det heller magre kår både i auditoriet og i laboratoriet. I utlandet er det faktisk situasjonen både her og der. Noe av forklaringa er at universiteta ikkje har tatt kommunikasjon med samfunnet omkring seg alvorleg.

Og da er vi ved poenget: Alumni-tanken kan vere ei naturleg utviding av dette arbeidsfeltet. Men det er viktig å tenke på at alt i dag kan det gjerast meir ved NTNU for å styrke relasjonane med omverda. Mest avgjerande for å halde ved like det offentlege bildet av NTNU som ein nødvendig samfunnsinstitusjon, er viljen hos den enkelte medarbeidar til å vere synleg - nettopp offentleg.

Denne våren har særleg studieavdlinga og informasjonsavdelinga ført an i eit skippertak for å etablere NTNU i det offentlege bildet. For å komme vidare trengst det fleire bidrag. Vi har gode kanalar for å nå fram til media, og ein del av jobben til informasjonsavdelinga er å skrive for andre. Vi har også våre eigne publikasjonar. Der er det alltid spalteplass for godt stoff.

Det gjeld også her i Dagens universitet!

[NTNU | FTPSearch | FTP | UNINETT | NORWEB | Index | AltaVista | KVASIR | Yahoo]

Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes
Teknisk ansvarlig: www-admin@www.ntnu.no
Last modified:04:52:11 1996-06-04