Synspunkt

Kort visitt
om visittkort

- På universitetet er det 2 400 tilsette og dermed 2 400 meiningar. I tillegg skifter ca. halvparten meining heile tida.

Dette er ikkje eit ordrett sitat av rektor Karsten Jakobsen, men det ligg nokså nært.

Det dukkar fram etter eit par sterke telefonar om malen for NTNUs visittkort. Som mange alt har sett på skjermen, har vi nå fått til eit lettvint og rimeleg system for dei som vil skaffe seg visittkort. Systemet er "best i by'n".

Men sjølve malen - utforminga - vekker reaksjonar hos noen. Malen er justert etter mange diskusjonar, ønske og innspel. Utforminga ligg innafor ramma for forslaget til grafisk profil. Dei fleste synest faktisk at visittkortet er pent, det har særpreg og det er funksjonelt.

Det er likevel ikkje fullt ut justert etter 2 400 pluss X ønske og innspel. Ikkje ennå. Men vi arbeider trufast vidare.

Ettertanke: Visst nok står vi her overfor eit menneskeleg problem. Men problemet er jo også matematisk interessant. Har vi ufrivillig snubla over årets påskenøtt?

God påske!

KK

[NTNU | FTPSearch | FTP | UNINETT | NORWEB | Index | AltaVista | KVASIR | Yahoo]

Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes
Teknisk ansvarlig: www-admin@www.ntnu.no
Last modified:18:23:52 1996-03-27