Synspunkt:

Enden er nær !

Når ein komité med den relativt pompøse tittel "Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi" gjekk ut for vel eit år sidan og ba Per og Pål om hjelp til å skilje mellom rett og rangt, vekte det ei viss oppsikt.

- Ekspertar og forskarar tør ikkje ta stilling til viktige verdispørsmål. Dei føler at verdiar ikkje er deira fagområde, forklarte sekretariatsleiar Matthias Kaiser til Aftenposten. Erfaringar viser at vanlege folk lettare trenger inn i dei viktigaste og vanskelegaste problemstillingane, kunne han fortelje oss vidare, før han inviterte til seminar.

Nok er nok, tenkte mange. Skal 15 brannmenn, ekspeditriser, bønder og bankfolk legge seg inn på hotell i to helger og deretter komme ut og dømme levande og døde? Kan den lamme leie den blinde?

Dette hendte seint i januar og det leid mot påske. Kunne verda stå?

På sett og vis. Vi skriv trass alt 1996. Men gir dei seg? Dei nasjonale forskningsetiske komitéar og Bioteknologinemnda inviterer nå på nytt brannmenn og bønder til samling.

-Vil du vere med å vurdere ny teknologi og vitskap? spør nemnda og ber inn til nye møte i august, september og oktober. Tema: Genmodifiserte matvarer.

Som for eksempel tomatar. I Tyskland fortel dei nå om dagen ein liten folkeleg vits, proppfull av bondevett. Den kan Bioteknologinenda få heilt gratis: Kva får du om du slepper ein nederlandsk tomat oppi eit glas som er fylt opp 90% med vatn? Svar: 100% vatn.

Og det er meir folkevett på lager. Det finst fleire brannmenn, ekspeditriser, bønder og bankfolk som i fullt dagslys og med barn til stades går rundt og seier omlag som så:

- Vi må utvikle genmodifisert mat fordi den er billeg. Billeg nok for alle fattige. Den som har god råd derimot, kjøper heller dyr og skikkeleg mat.

Slik kan lekfolk gå rundt og spreie sine unyanserte tankar. Ein skal ikke spøke med alvorlege ting. Slikt kan slå rot og bygge seg opp til svære tankesystem.

Lekfolk er komne inn i etiske komitéar. Universiteta har fått eksterne representantar i styret. Oluf har fått campus i Tromsø. Nå manglar vi berre ein gitarist som kan kvoterast inn i Kollegierådet.

Enden kan vere nærare enn du trur.

KK

[NTNU | FTPSearch | FTP | UNINETT | NORWEB | Index | AltaVista | KVASIR | Yahoo]

Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes
Teknisk ansvarlig: www-admin@www.ntnu.no
Last modified:20:03:46 1996-06-06