NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 
NTNU tapar millionar på elitestudentar

Universitetet går glipp av millionar i tapte inntekter på kontaktformidling mellom elitestudentar og næringslivet. NTNU ynskjer framleis ikkje å tene pengar på sine best kvalifiserte studentar. Det siste året har eit privat rekrutteringsfirma tent mange millionar på privat kontaktformidling

Eit privat rekrutteringsselskap har håva inn mange millionar det siste året på kontaktformidling mellom høgt kvalifiserte jobbsøkjarar og norsk næringsliv. NTNU ynskjer framleis ikkje å tena pengar på sine eigne elitestudentar.

Det internasjonale konsulentselskapet EMDS har dei siste åtte månadane håva inn 5 millionar på norsk næringsliv si jakt etter gode kandidatar. EMDS har arrangert to rekrutteringsmesser i Oslo der 22 norske og internasjonale selskap har fått møte elitestudentar - mellom anna frå NTNU - og dyktige kandidatar med jobberfaring. For den todagar lange seansen betalar kvar verksemd ei avgift på mellom 100.000 og 300.000 - alt etter kor mange kandidatar dei ynskjer intervjua. I november skal EMDS arrangera ei ny rekrutteringsmesse i Oslo der 20 selskap vil ta del. 2000 kandidatar har til no søkt om å få møta desse. EMDS er det einaste rekrutteringsselskapet av dette slaget på den norske marknaden.

Vil tene pengar på elitestudentar

- NTNU kunne ha gjort mykje av det same som EMDS og betre, seier Tor Bollingmo, dagleg leiar ved karrieresenteret Origo. Han hevdar at både NTNU og studentane undervurderer marknadsverdien sin.

- Ingen har forutsetning til å formidla kontakt mellom næringslivet og NTNU-studentar betre enn NTNU sjølv. I dag er det kun UKA, IAESTE, Bindeleddet, Nettverket og nokre linjeforeiningar som formidlar kontakt mellom studentar og næringsliv. Det er eit problem at fordelar frå til dømes bedriftspresentasjonar ikkje kjem alle studentar til gode. Bollingmo saknar slike tenester for alle studentar ved NTNU.

- Det trengst meir profesjonell karriererådgjeving, seier Bollingmo og viser til Stanford University i USA der studentane på eit tidleg tidspunkt i studiane får kontakt med både verksemder og risikokapital.

- NTNU skal ikkje vera redde for å tena pengar på eigne elitestudentar. Det er ikkje noko problem å finna ei organisatorisk løysing på ei slik oppgåve. Det er betre enn at internasjonale selskap som EMDS gjer det. Forutsetninga må sjølvsagt vera at pengane kjem alle studentane ved NTNU til gode. Dei millionane næringslivet brukar på rekruttering kunne NTNU ha nytta til å utvikla studentar sine foretningsidèar og teknologiske nyvinningar. Det skjer alt for lite av dette i dag. Viss NTNU har håp om å bli eit Silicon Valley, må universitetet også tora å eksperimentera og ta sjansar, seier Bollingmo.

Skeptisk rektor

- Eg ser det som vanskeleg at NTNU skal gå inn på den kommersielle marknad på det viset, seier Emil Spjøtvoll. Rektoren ved NTNU er meir positiv til alumni, det å byggja nettverk ved å halda kontakten med gamle kjente frå studietida.

- Dette viser seg å vera ein effektiv måte å knyta kontakt mellom verksemder og studentar, hevdar Spjøtvoll som meiner alumni og nettverksbygging også høver godt for fagmiljø ved Dei frie faga på Dragvoll. Sjølv om rektoren ikkje utelukkar at Origo-senteret på Dragvoll og det nye karrieresenteret på Gløshaugen kan få utvida oppgåver knytta opp mot næringslivet, kjem ikkje denne problemstillinga på dagsorden på denne sida av tusenårsskiftet. Det gjer heller ikkje spørsmålet om å organisera NTNU sin eksterne karrierekontakt gjennom eit innovasjonssenter knytta til universitetet.


NORALV PEDERSEN
Les mer om denne saken:
Oppnar døra mot næringslivet