NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig:
Kenneth Aar

 
Opnar døra mot næringslivet

Det nye karrieresenteret på Gløshaugen er attraktivt for næringslivet.

- Det er akkurat ei slik teneste me i næringslivet treng for å finna fram til dei gode kandidatane, seier Jan Øyri, ass. personaldirektør i Elkem.

Før nyttårsskiftet er det nye karrieresenteret på Gløshaugen på føtene. Karrieresenteret skal blant anna formidla jobb og praksis til sivilingeniørar og realfagsstudentar. Enno er det ikkje klarlagt kva eksterne oppgåver senteret skal ha. Likevel ynskjer næringslivet det nye karrieresenteret velkomen.

- Den tradisjonelle rekrutteringa med utlysingsannonser er berre éin av fleire metodar. Internettenester og meir oppsøkjande verksemd retta mot universitet og høgskular må til for å få tak i dei beste kandidatane, seier Gunn Marit Eriksen, personal-direktør i Ericsson. Ho finn det vanskeleg å finna relevant kompetanse blant dei nye fagkombinasjonane ved NTNU.

- Her må universitetet bli flinkare til å marknadsføra seg, seier Eriksen.

Jan Øyri, assisterande personaldirektør i Elkem, karakteriserer det nye karrieresenteret på Gløshaugen som «Veldig attraktivt».

- Eit slikt karrieresenter er akkurat ei slik teneste me i næringslivet treng og vil vonaleg gjera det lettare å få kontakt med kandidatane ved NTNU.
 
Karrieresenter

Det nye karrieresenteret på Gløshaugen, som skal formidla jobb og praksis til sivilingeniørar og realfagsstudentar, er ein del av «Studentservice». Denne nye servicefunksjonen for alle studentar ved NTNU skal omfatta - i tillegg til karriererådgjeving - studierettleiing, informasjon til funksjonshemma og utanlandsstudentar. Studieavdelinga skal lysa ut stilling etter karriererådgjevingskonsulent 1. september og håpar på å få personen på plass innan årsskiftet. «Studentservice» skal i skuleåret 1999/2000 halda til i Hovudbygget og frå hausten 2000 på Stripa. Sidan 1997 har NTNU hatt karrieresenteret Origo på Dragvoll.

NORALV PEDERSEN