NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Kritisk for studentane

Per Otto Christensen, studentrepresentant i IDI sitt instituttstyre, ser seg nøydd til å støtta budsjettvedtaket om 75 prosent kutt i midlane til student-rettleiing - sjølv om det er studentane det går ut over.

- Alternativet er at maskinparken forfell, og at vitskapleg tilsette får ikkje fagleg utvikling, som fører til at studentane i framtida ikkje vil få fagleg kompetente rettleiarar, seier han.

4. årsstudenten Christensen meiner det er NTNU-leiinga som er ansvarleg for krisebudsjettet ved IDI.

- Slik tilhøva er i dag, kan ein spørja om instituttet verkeleg kan ønskja nye studentar velkomne med eit ærleg andlet.

- Det er eit veldig stort behov for studentassistentar. I dag er det allereie for få studentassistentar. Når nesten alle desse blir kutta, blir situasjonen for datastudentane svært kritisk, seier Siv Rogdar, Astrid Bjørgum, Lars Erik Liljebäck og Mathias Lidal, studentar ved Institutt ved datateknikk og informasjonsvitskap (IDI).

I dag deler tolv studentar éin «personleg» studentassistent. Då Liljebäck og Lidal tok inføringskurset i IT i fjor, kunne det i nokre periodar sitja éin studentassistent på ein datasal med 100 maskiner. Truleg vil dette bli resultatet av budsjettkuttet. Ingen av dei fire ynskjer den gamle ordninga tilbake:

- Problemet er at du må venta svært lenge for å få hjelp. Kanskje du ikkje får svar på spørsmålet i det heile teke, fortel Lidal.

- Studentassistentane har vore heilt naudsynte for oss, fortel Rogdar og Bjørgum, begge på 1. data.

- Det er i utgangspunktet er eit sprik mellom dei som har kjennskap til data frå før og dei som ikkje har det. Utan studentassistentar vil ulikskapane bli endå større, seier Astrid Bjørgum som aldri hadde vore borti programmering før ho byrja ved NTNU:

- NTNU reklamerer med at du ikkje treng datakunnskapar frå før for å byrja på IT-studiet. Ein viktig forutsetning då er at det finst studentassistentar som er tilgjengeleg for studentane sine spørsmål. Denne tenesta er spesielt viktig for dei mange som ikkje har datakunnskapar frå før.

Les også: Krisebudsjett for datafaga