NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Krisebudsjett for datafaga:

Rammar 3000 IT-studentar

Den store auken i talet på studentar som tek datafag ved NTNU, blir ikkje følgd opp med auka budsjettmidlar. Til hausten må 75 prosent av studentrettleiinga i IT-faga ved NTNU kuttast.


­ I dag er det allereie for få studentassistentar. Når nesten alle desse blir kutta, blir situasjonen for datastudentane svært kritisk, seier (f.v.) Lars Erik Liljebäck (22), Siv Rogdar (21), Astrid Bjørgum (23) og Mathias Lidal (20), studentar ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap.

Budsjettsituasjonen ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap (IDI), NTNU, viser at totalt disponible midlar er redusert frå 45,0 millionar i 1998 til 40,2 millionar 1999. Instituttet hevdar dei treng 52 millionar for å driva «forsvarleg». Konsekvensane er at undervisinga blir redusert og at midlane til student-, undervisings- og vitskapsassistentar blir kutta med 75 prosent i haustsemesteret. Det er dei 1800 studentane som følgjer IT-kursa i 1. og 2. klasse ved teknologistudia, samt dei 1200 grunnfagsstudentane ved dei frie studia på Lade, som blir hardast ramma.

- Det er ingen samanhang mellom det NTNU som marknadsfører seg som eit IT-universitet og det NTNU som løyver pengar til IT-utdanninga, seier Kjell Bratbergsengen, instituttleiar ved IDI.

Eksplosiv studentvekst

Sidan 1997 har talet på IT-studentar ved NTNU auka med 60 prosent. På IDI si avdeling ved dei frie studia på Lade reknar leiinga med at talet på grunnfagsstudentar kan koma opp i 1200 frå hausten 1999 - mot 800 i dag.

- Det er skammeleg at ikkje NTNU har ein budsjettmodell som fangar opp den belastningsauken IDI har fått dei siste åra, seier Kjell Bratbergsengen.

Auken i talet på studentar har skapt eit stort behov for større undervisingslokale - noko budsjettet ikkje gjev rom for. Dei knappe ressursane fører til at IDI ikkje har råd til nytt utstyr for å halda følgje med dei veksande studenttala.

- I staden for at det vert investert 2,5 millionar kroner i fleire arbeidsplassar for 3., 4. og 5. årskurs ved dei teknologiske studia på Gløshaugen, finst det i år ikkje midlar til nytt utstyr, fortel Bård Kjos, kontorsjef ved IDI.

I dag har berre halvparten av 4. og 5. års studentane lesesalsplass. Med dagens økonomiske løyvingar vil denne situasjonen bli dramatisk forverra berre få år fram i tid. Om tre år vil talet på 4. klassingar berre på teknologistudia vera 230 mot 126 i dag.

Underbemanna

Ved IDI er det i dag om lag 40 studentar per lærar. Det føreligg ikkje nye tal for andre fag på Gløshaugen, men tal frå 1995 viser at det på dei andre faga er mellom ti og tjue studentar per lærar. Auka løyvingar kan løysa problema med utstyr og rettleiingaskapasitet på kort sikt. På lengre sikt er det betre arbeidstilhøve for dei vitskaplege tilsette som kan løysa den generelle underbemanninga.

- Talet på vitskapleg tilsette ved IDI må opp, slik at det står i forhold til det aukande talet på studentar, seier instituttleiar Bratbergsengen.

IDI-leiinga meiner den alvorlege situasjonen har fleire årsakar: NTNU viser manglande vilje til å omprioritera midlar frå meir tradisjonelle fagretningar med fallande studental til det nyare informatikkfaget som opplever ein ekplosjonsarta studentvekst.

Vurderer ekstraløyving

Rektor Emil Spjøtvoll vil ikkje kommentera budsjettsituasjonen ved IDI konkret fordi NTNU-leiinga løyver pengar til Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk (FIM), ikkje direkte til IDI. Spjøtvoll viser til at FIM har fått 12,5 millionar kroner i ekstrabevilgningar for inneverande år. NTNU-rektoren skal i møte med FIM-leiinga den næraste tida det han skal ta opp budsjettsituasjonen ved IDI.

- Vil NTNU løyva meir pengar til IT-studiet?

- Rektor disponerer ein pott til IT-føremål. Det er avsett 3,5 millonar som primært er tenkt til utstyr, men me skal vurdera ekstra løyvingar til IDI, seier Spjøtvoll
 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN


 Les også: Kritisk for studentane