NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
- NTNU treng klarare forskingsstrategi

Forskingsadministratorane ved NTNU er spreidd på tre avdelinga etter nedlegginga av forskingsavdelingar (FUF). NTNU risikerer å stå fram som ein rotete organisasjon med tilfeldige søknadsprosedyrar, og kan tapa i kampen forskingsmidlar.
 
 
Dagens forskningsstrategi ved NTNU er for generell og må vidareutviklast, seier professor Per Morten Schiefloe.
 
Avdeling for fagleg utvikling og forsking (FUF) vart 1. april 1999 lagt ned, som eit resultat av Orgut. FUF vart oppretta i 1996 og skulle mellom anna støtta opp under større forskingsinitiativ mot institusjonar som løyver pengar til forsking - som til dømes Norges forskningsråd, EU og næringslivet. Med trange budsjett står NTNU no føre store utfordringar med mellom anna å skaffa ekstern alternativ finansiering. Direktør Kåre Rommetveit ved Universitetet i Bergen sa nyleg at arbeidet som forskningsadministratorane gjør, må legitimerast betre. Jacob Hygen, den tidlegare forskingsdirektøren ved NTNU, er samd i dette. 

Store utfordingar

Hygen vil ikkje uttala seg om interne forhold ved NTNU. Det er likevel kjent at Hygen tidlegare har uttrykt at det kan bli vanskelegare for NTNU å få finansiert store, tverrfaglege, strategiske forskingsprogram i til dømes Norges forskningsråd - no når forskingsadministrasjonen ved NTNU vert fordelt på tre ulike avdelingar etter nedlegginga av FUF: Informasjonsavdelinga har ansvar for kontakten med næringslivet, Studieavdelinga for EU og Plan- og utredningsgruppa for Norges forskningsråd. 

Hygen har tidlegare også påpeikt at det er heilt naudsynt med ein samla og overordna forskingsadministrativ regi ved NTNU, tett kopla opp til universitetet si faglege leiing. Den tidlegare forskingsdirektrøren er også samd med Kåre Rommetveit i at forskingsadministrasjonen må ha høg legitimitet frå universitetsleiinga. At forskarane har ein motvilje mot byråkratisering, er kjent. Rommetveit har derfor påpeikt at den valde leiinga må stå bak administrasjonen og synleggjera nytten av det arbeidet som blir gjort. 

Saknar forskingsprofil

Professor Per Morten Schiefloe, institutt for sosiologi og statsvitskap, saknar ein klar operasjonalisert forskingsstrategi for forskingsadministrasjon ved NTNU. 

- Dagens strategi er for generell, og må vidareutviklast og meislast klarare ut. NTNU treng ein profesjonell administrasjon som kan støtta opp under alle delar av forskingsprosjekta, seier Schiefloe, og viser til kor viktig det er at universitetsleiinga må støtta opp om det arbeidet som forskingsadministratorar gjer. Om den forskiningsadministrative støtta er lokalisert sentralt eller lokalt i organisasjonen, meiner Schiefloe er mindre viktig: 

- Det som er avgjerande er at ein ved NTNU får til eit produktivt samspel mellom forskar og forskningsadministrator. 

Legitimering

- Er det eit heldig signal å leggja ned FUF når ein samstundes vil satsa på forskingsadministrasjon, universtitetsdirektør ved NTNU, Vigdis Moe Skarstein?

- Eg ser ikkje at nedlegginga av FUF har svekka forskingsadministrasjonen ved NTNU. Etter Orgut har forskingsadministrasjonen flytta lokalt. Dei faglege miljøa har fått større ansvar. Samstundes blir dei store tverrfaglege og strategiske forskingsprosjekta er knytta opp mot rektor, der det er to planleggjarar som har ansvaret for denne koordineringa. 

- Gjer universitetsleiinga nok for å legitimera forskingsadministrasjonen ved NTNU sitt arbeid?

- Ja, det tykkjer eg. Det finst like mange måtar å organisera ein administrasjon på som det finst universtitet. Det viktige er å halda fokus på den strategiske tenkinga. 

- Bidreg Orgut - med sitt klare skilje mellom administrasjon på den eine sida og styring og leiing på den andre - til at samarbeidet mellom forskar og administrasjonen blir endå vanskelegare?

- Nei, skilje går meir på rolleavklaring. Dette betyr ikkje at til dømes forskarar og administrasjon skal arbeida kvar for seg. Det er ei viktig forutsetning at dei to gruppene skal samarbeida.  


TEKST:NORALV PEDERSEN