NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Universitetsdirektøren i Bergen: 

- Støtt opp om byråkratane 

- Det er viktig at leiinga ved universitetet legitimerer det arbeidet som forskingsadministratorane gjer, sa Kåre Rommetveit, universitetesdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB), i innlegget sitt under seminaret for forskingsadminstratorar og næringslivskontaktar ved dei nordiske universiteta som 16. og 17. april vart arrangert i Trondheim av NUAS (Det nordiske universitetadministrators-samarbeidet). 

Ved UiB har ein over tid prøvd å rekruttera personar med forskarerfaring inn i forskingsadministrasjonen - slik at administrasjonen i samarbeid med forskaren kan ta vare på og gjev stimuli til gode forskingsidear og finansiera desse. Rommetveit meinte det var viktig med eit godt forhold mellom forskar og forskingsadministrator. Han viste til skepsisen som mange forskarar har retta mot administrasjonen om at adminstratorane overtek styringa over forskinga og at for mykje pengar går vekk i administrasjon i staden for at desse pengane kan koma forskaren til gode. 

I tillegg til å rekrutera forskingsadministratorar med høg forskingskompetanse, har den politiske leiinga ved UiB legitimert det arbeidet som forskingsadministratorane har gjort. 

Rommetveit avslutta innlegget sitt med å seia at univesiteta ikkje har råd til primært å vurdera administrasjonen som ein reserve for framtidige kutt og innsparingar. 
    
Les også: - NTNU treng klarare forskingsstategi