NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
- Skremande for elevane

Håvard Rokke (bildet) er ikkje redd for å få arbeid som datalærar i skulen; han er nemnleg éin av dei tre informatikkstudentane ved NTNU denne våren som har valt å ta pedagogisk utdanning innan IT. Han er éin av seks i landet. Håvard er cand.mag. med mellom anna informatikk og idrett i fagkrinsen. 

- Blir du ikkje freista av lukrative jobbar med høge lønningar i næringslivet?

- Eg er ein person som ikkje greier å sitja i ro på eit kontor heile dagen. Eg må ut i friluft, og kombinasjonen lærar/trenar vil passa meg godt. 

Håvard har lang erfaring som trenar på klubb- og krinslag i langrenn. 

- Eg trivst godt med å læra frå meg, og likar å arbeida med ungdom. 

Sjølv om Håvard siktar seg inn mot ein lærarjobb, er han uviss på om han søkjer jobb allereie til hausten eller om han skal ta hovudfag fyrst. 

- Det trengst absolutt fleire høgt utdanna IT-lærarar sidan datakunnskapar kjem meir og meir inn i skulen. Det er mange lærarar som er sjølvlærde, og kun eit fåtal med meir enn 30 vekttal IT-utdanning. 

- Kva tykkjer du om at næringslivet støvstug studentar med IT-utdanning?

- Det er mest skremande for elevane. Det er jo til slutt dei det går ut over. 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN
 
 Les også: Berre seks nye datalærarar i vår