NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Realistane sviktar skulen 

Berre seks nye datalærarar i vår 

Dette semesteret får den norske skulen seks nye datalærarar. Det er langtfrå nok til å dekkja avgangen. 

Berre seks av alle som følgjer dei praktisk-pedagogiske utdanningane dette semesteret, har IT i fagkrinsen, viser ei undersøking Universitetsavisa har gjort ved dei fire universiteta i Norge. Dersom alle seks går inn i skulen, får altså den norske skulen seks nye datalærarar denne våren. 

- Den elendige rekruteringa av datalærarar er dramatisk, seier Håkon Pedersen, administrasjonssjef ved Program for lærartutdanning (PLU). Han viser til at lektorgruppa i vidaregåande skule har ein gjennomsnittsalder på 50-55 år, noko som i løpet av ein 5-10 års periode vil føra til ein stor avgang: 

- Har situasjonen vore ille frå før, gjer den dårlege rekrutteringa stoda endå verre. 

Går til næringslivet 

Det er i utgangspunktet generell dårleg rekruttering til læraryrket heilt får førskulen til den vidaregåande skulen. 

- Denne utviklinga blir forverra for kvart år. Når det i tillegg alltid vil vera lettare for realistar å få seg jobb utanfor skuleverket, får me ein dobbel negativ effekt, seier Pedersen og viser til løns- og arbeidsvilkåra i skulen. 

- Mange datastudentane vél næringslivet fordi lønstigen for ein adjunkt eller lektor er veldig lang. I tillegg er både startløn og toppløn for låg sett i forhold til lengda på utdanningstida. Når lærarar i tillegg ikkje kjem på toppen før etter vel 20 år med små lønshopp, blir læraryrket ikkje attraktiv for ei faggruppe som har ein lukrativ arbeidsmarknad. 

Verre enn fysikk 

Rekrutering til lærarutdanninga i informatikk er mindre enn til fysikk som det tidlegare har blitt fokusert mykje på. 

- Det nyttar ikkje å auke talet på studie plassar, for i dag står det allereie alt for mange realfagsplassar tomme, seier Pedersen og viser til at ved den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU 2) ved NTNU kunne dei ha firedobla talet på informatikk- og fysikkstudentar, dobla talet på matematikkstudentar og auka talet på biologistudentar med 20-30 prosent. 

- Eg ser ingen signal om betring av denne urovekkjande situasjonen. Me ventar på initiativ frå styresmaktene. 

Kyrkje, utdannings og forskingsdepartementet (KUF) ser med uro på utviklinga, og er snart ferdig med med ei stortingsmeldig, ein handlingsplan for å sjå på ulike strategiar for å rekrutera fleire til skuleverket. Stortingsmeldinga føreligg i slutten av mai. 
  
  

TEKST: NORALV PEDERSEN 
    
    
Les også: - Skremande for elevane