Stipendiatstillingar og kompetansekultur

Eg er gjort kjent med at Det historisk-filosofiske fakultetet ved NTNU har foreslått og fått vedtatt at dei 6 stipendiatstillingane som vart utlyst med søknadsfrist 12. februar 1998, skal vurderast utan at fakultetets «Veiledning for bedømmelse av stipendiatstillinger» (vedtatt den 15. februar 1994; HF-sak 14/94) skal brukast. I staden skal ein bruke ein lettversjon av kriteria. Dette er mildt sagt oppsiktsvekkjande på bakgrunn av det som seinast i fjor skjedde i samband med forrige utlysing av stipendiatstillingar ved fakultetet, og det gjer det dessverre nødvendig å ta opp denne saka på nytt. Kort fortalt foretok vurderingskomiteen den gongen vurderinga utan at fakultetets «Veiledning» vart følgt, blant anna med det som resultat at søkjarane si prosjektutgreiing, den komponenten som klart gir mest rom for skjønn, vart tillagt langt meir vekt enn karakterar og publikasjonar, klart i strid med «Veiledning». Dette førte til at fleire professorar ved fakultetet i eit brev bad om at det vart foretatt ei ny vurdering, og da i pakt med «Veiledning», noko som ikkje vart tatt til følgje. Fakultetet er også heilt ut kjent med at det i samband med denne prosessen vart framsett svært alvorlege trugsmål mot ein av søkjarane, noko som i ytterste konsekvens må sjåast som eit resultat av den tvil ein legitimt kunne reise m.o.t. soliditeten ved gjennomføringa av prosessen. Det er på denne bakgrunn eg finn det vedtaket som no er gjort, særdeles vanskeleg både å forstå og akseptere. Enda ein gong finn altså fakultetet grunn til å ignorere «Veiledning», eit i høgste grad nødvendig og fornuftig dokument, som burde gi det beste grunnlag for ei solid vurdering. Mitt spørsmål er: Kvifor er ikkje fakultetet i stand til å følgje sitt eige regelverk i ei så viktig sak som vurdering av stipendiatstillingar? Og korleis ventar fakultet at søkjarar og andre skal ha tillit til soliditeten i vurderingsprosessen når så ikkje skjer?

Dette har også eit anna aspekt. «Veiledning» er det dokumentet potensielle søkjarar har å halde seg til når dei skal prøve å kvalifisere seg for stipend og førebu ein søknad. Når søknaden er innlevert og vurderinga skal begynne, opplever ein altså at kriteria langt på veg er endra. Dette skjedde forrige gong, og no ser det ut til å kunne skje igjen. Eit eksempel: Ved forrige søknadsrunde opplevde dei søkjarane som etter endt hovudfag hadde vore fagleg aktive og skaffa seg meriterande kompetanse i form av publikasjonar at dette kriteriet ikkje vart tillagt vekt i det heile (i strid med «Veiledning»). Tragisk nok kan det lett fortone seg slik at ein søkjar ville ha hatt mykje meir nytte av å bruke tida etter endt hovudfag til f. eks. å byggje opp eit nett av potensielle støttespelarar blant viktige nøkkelpersonar enn av å byggje opp sin faglege kompetanse. Er det eit signal fakultetet ønskjer å gi?

Dette resonnementet set også fingeren på eit meir generelt problem. Når dei objektive kriteria blir neglisjert eller svekka, aukar spelerommet for subjektivitet og skjønn, og derifrå er ikkje vegen lang til manipulering og favorisering. Urealistiske skrekk-visjonar? Avisa «The European» hadde ein svært instruktiv artikkel sommaren 1997 (på side 10 i utgåva for 26. juni.-2. juli) der situasjonen ved Facolta della Giurisprudenza ved Romas universitet blant anna vart karakterisert slik: «[it] resembles a feudal state built on patronage and power. Professorships, lecture posts, grants, in some cases even exam passes, are given out according to who you know and not what you know.» Dette kan tene til å minne om at ein kompetansekultur ikkje er noko som kjem av seg sjølv. Det må aktivt dyrkast fram, blant anna ved hjelp av eit klart og fornuftig regelverk. Det er nødvendig med ein diskusjon om kva konkrete verkemiddel som kan takast i bruk for å oppnå dette målet, også hos oss.

Tor A. Åfarli
Prof. ved Inst. for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU


forsida  nyheter  kronikk  innspill  kultur  debatt