NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Fredsforhandlingar på Brygga 

Ein guvernør, ein geriljaleiar, to presidentar og ein fredsmeklar. Dei forhandlar om dei siste punkta i ein fredsavtale som skal stogge den blodige borgarkrigen i Tilver. 

- Her er det ordet og dialogen som skal råda, ikkje våpna, formanar FN-utsending Jojo Mpumbu. Han leiar dei vanskelege fredsforhandlingane om den vesle, fiktive provinsen Tilver som dei siste åra har blitt herja av borgarkrig. Diskusjonen tek lang tid, og usemja er stor mellom guvernøren av Tilver og presidenten av Cormeria som i mange år systematisk har diskriminert kulturen og språket i Tilver. FN-utsendingen manar nok ein gong til forsoning: 
- De må hugsa at me er her for å løysa ein konflikt, ikkje for å kriga. 

Klem frå fienden 

Me er i hjarta av ISFiT, i ei av dei 13 workshop-gruppene «Apply Problem Solving». Her finn du altså tyranniske presidentar og opprørske guvernørar frå ein ikke-eksisterande provins, som i løpet av to timar i kjellaren på Studentbrygga prøver å diskutera seg fram til ein varig fredsavtale. To av desse er guvernøren av Tilver, Amani Athar (33) frå Rwanda, og den dyktige fredsforhandlaren, Jojo Mpumbu (28) frå Kongo. Den fyrste gongen dei to møtte kvarandre, var på Gløshaugen. Då Jojo fortalde at han var kongolesar, ropa Amani «You ought to be my enemy!» - før han gav Jojo ein god klem. 

- Eg var litt redd for at Amani skulle slå, men sidan han har fått bomma røyk hjå meg, har det gått bra, ler Jojo. Jojo og Amani er saman med Caesar Rex Okello (25) frå Uganda på kvar si side av ein sentralafrikansk krig dei ikkje forstår meininga med. 

Folkemord 

I Amani sitt heimland, Rwanda, har det vore krig og urolegheiter dei siste 40 åra. Årsaka er den etniske konflikten mellom hutuar og tutsiar i Rwanda og Burundi. Då konflikten endeleg fekk merksemd frå vestlege media i 1994, hadde allereie 1,25 millionar innbyggjarar i dei to sentralafrikanske landa blitt drepne. Spenninga mellom hutuar og tutsiar skriv seg frå den tyske og belgiske kolonitida. Tutsiane som utgjer 15 prosent av innbyggjarane i Rwanda og Burundi, blei favorisert av kolonilanda. Den ulike handsaminga av dei to folkegruppene har ført til ei rekkje borgarkrigar, militærkupp og attentat mot statsmenn sidan Rwanda blei sjølvstendig i 1959. 

I dag er det ikkje berre konflikten mellom hutuar og tutsiar som pregar Sentral-Afrika. Hundretusenvis som har prøvd å flykta frå herjingane, har involvert Rwanda sine naboland, mellom andre Uganda og Kongo. I dag har det dessutan blussa opp ein maktkamp mellom Kongos president Kabila og statsleiarane i Uganda og Rwanda, som har gjort situasjonen mellom dei tre landa endå meir spent. 

Spionfrykt 

- Dette er ikkje vår krig, men ein krig som er laga av politikarar, seier Amani. Han er fødd og oppvaksen i Kongo, men flykta saman med familien sin til Rwanda etter grusomme herjingar i Aust-Kongo. Litteraturstudenten tykkjer det er trasig at dei tre berre kan vera vener i Europa og ikkje i heimlanda. Ingeniørstudenten Jojo frå Kongo samtykkjer: 

- Eg har mange kjenningar i Uganda og Rwanda, men kan ikkje vitja dei fordi eg vil bli rekna som ein spion frå fienden. Det er vanskeleg å få gjort noko: Studentane i Kongo har ikkje ytringsfridom; me kan ikkje gå til pressa, me kan ikkje diskutera ope på universiteta. Kritiserer me president Kabila og politikken hans, risikerer me fengselstraff. 

Leiarar for framtida 

Dei tre meiner det var statsleiarane i Sentral-Afrika som skulle ha møttest på ISFiT. 

- Her hadde dei fått høve til å knytta sterke venskapsband i ei uforpliktande og trygg atmosfære, forklarar Caesar Rex. Legestudenten frå Uganda meiner å ha sett ei mentalitetsendring hjå deltakarane i workshop-gruppa under ISFiT. 

- Me har lært metodar for konfliktløysing. Ein tillitsfull dialog kan løysa mange konfliktar. Dette er noko kvar einskild deltakar kan overføra til forholda i heimlandet. 

Amani nikkar: 

- Viss det er eg, Jojo og Caesar Rex som blir leiarane i framtida, blir det slutt på krigen i Sentral-Afrika. 

    
TEKST: NORALV PEDERSEN  
   
Les også: Den milde mannen frå Timor Lorosae