Den milde mannen
frå Timor Lorosae
Antero Benedito da Silva (bildet) har varda vegen til fridom for
folket på Aust-Timor: Etter 23 år i terror kjempar studentleiaren
mot vald med venskap.
Fredag 12. mars, kl. 20.04:
- Please, come to stage again, mister da Silva, ropar konferansieren.
Publikum står i kvadrantane. Publikum står i manesjen. Klappsalvar
av sympati og beundring rungar i Storsalen på Studentersamfundet.
Antero Benedito da Silva går opp på scena for andre gong. Roleg.
Han snur seg mot ovasjonane og smiler. Forsiktig. Han bukkar ikkje - berre
står der. Beint opp og ned og smiler. Varmt.
Antero Benedito da Silva er den fyrste stemma. Den fyrste vinnaren av
Studentenes fredspris. Den fyrste leiaren i ETSSC (East Timor Student Solidary
Concil). Han løfta studentane sin kamp for eit sjølvstendig
Aust-Timor opp frå gatene i Dili og inn i forhandlingslokala i FN.
Antero Benedito da Silva er den fyrste stemma. Den fyrste studentstemma
frå Timor Lorosae.
Studentane på Aust-Timor kallar ikkje heimlandet sitt Timor Timur
slik indonesarane gjer, ikkje Timor Leste slik geriljaen gjer. Dei omtalar
det for Timor Lorosae: Timor der sola står opp. Studentane på
Aust-Timor ser eit håp; etter 23 år under indonesisk okkupasjon
erstattar dei no vald med venskap.
Studentane har alltid gått fremst i dei fredelege demonstrasjonstoga
og har blant folket blitt djupt respektert for det. Berre veker etter at
president Suharto i fjor sommar måtte gje frå seg styringa
i Indonesia gjennomførte studentane opne møte med befolkninga
over heile Aust-Timor. På desse møta kunne austtimoresarar
for fyrste gong på 23 år snakka om redsla, om mishandlinga
og om terroren, men også om håpet om ei betre framtid. Studentane
spelar ei aktiv rolle ikkje berre på lokalt nivå, men også
i fredsprosessen på internasjonalt nivå og har hatt møte
med utsendingar frå FN og EU.
I kjølvatnet av resultata ligg lika - i tusental. Eitt av dei
var den 25-årige studenten Bendito Bernado Pires. Søndag 14.
februar 1999 blei hovudet hans gjennombora kuler. Drapet på Bendito
Bernado Pires er slett ikkje fyrste gongen det indonesiske spesialpolitiet
skyt mot fredeleg demonstrerande studentar. Det same skjedde den 12. november
1991 då fleire tusen austtimoresarar følgde ein ung student
til grava. Han vart drepen av indonesiske militærstyrkar. Den fredelege
gravferda vart forvandla til eit blodbad då soldatar utan åtvaring
opna eld mot gravfølgjet. Over 260 menneske blei meia ned.
Denne massakren, som har fått namnet etter kyrkjegarden Santa
Cruz, markerte eit vendepunkt for fridomskampen på Aust-Timor. To
britiske fotografar og to amerikanske journalistar var på kyrkjegarden
då det skjedde og greidde å smugla ut tragedia dei hadde festa
på film. Etter 16 år med lidingar fekk endeleg politikarar
og media i Vesten opp augo. Korleis kunne det i 16 år rasa ein blodig
krig utan at verda viste interesse?
Antero Benedito da Silva vil ikkje leggja skulda på nokon: - Det
gagnar ingen å krangla om fortida; me må fokusera på
korleis me kan skapa ei trygg framtid på Timor Lorosae. Studentane
har alltid hatt som mål å skapa fred og forsoning. Dette målet
er nærare enn nokon gong.
Laurdag 6. mars, kl. 20.20:
Menneskerettigheitsminister Hilde Frafjord Johnsen kjem ramlande ned
trappa til biblioteket på Studentersamfundet. Skjerfet flagrar rundt
halsen. Ho stryk håret bak øyra før ho strekkjer fram
handa og helsar. Antero Benedito da Silva reiser seg roleg frå stolen.
Om 40 minuttar skal Frafjord Johnsen opna den internasjonale studentfestivalen
i Trondheim, men før det har ministaren sett av ein halvtime til
samtale med da Silva.
- Timor Lorosae er i fritt fall no, forklarar da Silva. - Indonesia
har sleppt taket. Etter 23 år med terrorvelde trekkjer det indonesiske
militæret seg ut. Eg fryktar at situasjonen skal koma ut av kontroll.
- Ja, det er den sikraste resepten for borgarkrig, seier Frafjord Johnsen.
Ho kjenner godt til den blodige soga til den tidlegare portugisiske koloniøya.
Ho veit om dei lange åra med terror og er uroa over den spente situasjonen.
Indonesia har for fyrste gong sidan invasjonen i 1975 gjeve signal om
at Aust-Timor kan bli sjølvstendig. Men samstundes utstyrer det
indonesiske militæret fattige austtimoresiske bønder med våpen
og betalar dei for å kjempa mot sitt eige folk. Det vert snakka om
at over 1200 personar er rekrutterte til paramilitære avdelingar.
Desse styrkane har spreidd ei bølgje av frykt dei siste månadane.
Mange skuldlause austtimoresarar er blitt drepne, og tusenvis av flyktningar
har rømt frå dei utsette områda på landsbygda
og inn til hovudstaden Dili.
- Viss Indonesia trekkjer seg ut og tek med seg våpna, blir det
ikkje borgarkrig på Timor Lorosae, sier Antero Benedito da Silva.
Han sler fast at Indonesia har ansvaret for den siste valdelege utviklinga,
og at Indonesia også vil ha ansvaret for ein eventuell borgarkrig
på Aust-Timor. Hilde Frafjord Johnsen er samd:
- Det er viktig å leggja eit internasjonalt press på Indonesia
no før ting kjem ut av kontroll. Norge meiner at ein fredsstyrke
i regi av FN vil kunne bidra til å stabilisera situasjonen på
Aust-Timor i overgangsperioden til sjølvstyre. Og sidan USA støttar
dette forslaget, treng det ikkje ta so lang tid, seier Frafjord Johnsen
og viser til den amerikanske utanriksministaren Madeleine Albright - som
i sitt møte med sin indonesiske kollega føreslo at ein fredsbevarande
FN-styrke kunne utplasserast på den tidlegare portugisiske koloniøya.
Det blir eit varmt møte - Frafjord Johnsen framoverbøygd
og spørjande, studentleiaren lyttande og forklarande. Dei er midt
inne i drøftingar om korleis den vanskelege overgangfasen til sjølvstende
skal gjennomførast då følgjesveinen kjem for å
henta Johnsen. Ho vil nødig gå.
- Det har vore ein glede å møta deg, Mr. da Silva. Du skal
vita at Norge støttar fridomskampen det austtimorske folket kjempar.
Tysdag 9. mars, kl. 17.35:
- Å leia studentane på Timor Lorosae er som å balansera
eit glas med vatn i den eine handa og eit rått egg i den andre.
Da Silva drikk solbærte med fire skeier sukker i.
- Somme er utolmodige og vil bruka aggressive aksjonsmiddel. Samstundes
er det stadig fleire som ser at 23 år med geriljakrigføring
ikkje har ført fram og som støttar ETSSC si ikkje-valdelege
og forsonande linje. Studentane køyrer i store bilkonvoiar ut på
landsbygda for å mobilisera innbyggjarane politisk. Innbyggjarane
i landsbyane feirar dialoggruppene som om det skulle vore frigjeringa.
- Å snakka ope ut om politiske og mennesklege tilhøve har
ein tidlegare ikkje kunne gjort på Timor Lorosae. Etter møta
samlar alle seg på stranda der dei brenn bål og dansar - for
fyrste gong på mange år. Folk har fått trua på
fridomen tilbake.
Det indonesiske militæret torer ikkje lenger å stogga konvoiane
med studentar lenger fordi dialoggruppene har fått mykje offentleg
merksemd utanfor Aust-Timor. Ein viktig årsak til den breie støtten
ETSSC har fått, er den aktive studentkvinnegruppa. Timor Lorosae
Young Woman Group har spesielt teke seg av valdtekne kvinner.
- Det er viktig at kvinnene har ein stad der dei får uttrykka
smerte og redsle. Mange kvinner har aldri snakka ope om overgrepa. Dei
kjenner seg mindreverdige og unyttige; dei er redde for sosial utstøyting.
Bodskapen vår er at dei ikkje må fortrengja traumane. Dei må
bearbeidast slik at ein kan læra seg å leva med det vonde.
Tysdag 9. mars, kl. 21.45:
Bergens Tidende ligg oppslått med ein artikkel frå Aust-Timor.
Det er mellom anna eit bilete av den døde Bendito Bernado Pires.
Da Silva tek opp avisa og betraktar bilete lenge.
- Eg har sett dette sidan barndomen. Menn som har fått skore av
øyra og blitt tvinga til å eta det; vener herja etter tortur.
Eg er på ein måte blitt van med døden og valden.
Da Silva var 7 år under invasjonen:
- Då eg gjekk i barnehagen i 1974,eitt år før indonesarane
kom, hadde eg mange gode vener. Seinare forsto eg at fleire av dei hadde
døydd av svolt og krig.
Som 9-åring måtte da Silva og familien flykta opp i fjella
for å sleppa unna dei indonesiske okkupasjonsstyrkane. I mange månadar
budde da Silva, tre små sysken, far, mor og ei gamal bestemor under
ein fjellhammar. Mora mista livet i fjella då ho skulle føda.
Barnet døydde og.
- Kvar dag bomba dei. Kvar dag. Eg høyrde små redde barn
skrika under store steinblokker, steinblokker som hadde rasa ut på
grunn av dei intense bombetoktene. Bekkane var raude av blod frå
uskuldige kvinner og menn, unge og eldre.
Familien kom heim kring juletider 1978. Landsbyen var brent.
- Alt var borte.
For far til da Silva byrja ni år med psykisk terror:
- Far døydde av alle politiavhøyra og alle truslane.
Pause.
- Det er ikkje so lett å forklara kva ein slik oppvekst gjer med
ein liten gut, seier da Silva. Stille.
Fredag 12. mars kl. 07.50:
Verden i dag, NRK P2: «Folket på Øst-Timor får
sin folkeavstemming». Gunnar Myklebust si stemme siv ut or radioen.
Antero Benedito da Silva sit og skriv på talen til seremonien i kveld.
Han blir fortalt kva den portugisiske og indonesiske utanriksministaren
har blitt samde om i FN. Austtimoresarane skal sjølv få bestemma
om Aust-Timor skal få sjølvstende. Eit smil av lukke og lette.
Det kan høyrast eit lågt, intenst «Yes!»
- Det er likevel ein lang veg å gå, seier da Silva alvorleg.
- Studentane må framleis arbeida hardt for forsoning og demokrati.
Me skal gjera kva me kan for å byggja opp att nasjonen på ein
slik måte at alle austtimoresarar kan ta del i prosessen.
Da Silva er ikkje redd for kva som ventar han.
- Eg har ikkje gjort nokon noko vondt, so kvifor skulle eg vera redd.
Det einaste eg gjer er å kjempa for fridom.
TEKST: NORALV PEDERSEN
Les
også: Fredsforhandlingar på Brygga |