Vil du studere materiale frå kulturhistoriske samlingar og arkiv?

Vil du studere materiale frå kulturhistoriske samlingar og arkiv?

Doktorgradsstipendiat Anne-Marijn van Spelde studerer dokumentasjon knyttet til skjelettmaterialet fra Trondheims bygrunn. Foto: Åge Hojem, NTNU Vitenskapsmuseet.

NTNU Vitskapsmuseet har eit studierom med tre arbeidsplassar i Schønninghuset på Kalvskinnet. Studierommet kan brukast i forskings-og studieprosjekt når det er behov for å sjå på materiale frå samlingane over ein periode på inntil to veker. Ved stor etterspørsel vil studentar og stipendiatar bli prioriterte. Privatpersonar som ønskjer å sjå gjenstandsmateriale, samt korte studiebesøk, vil som før bli motteke på besøksplassane i magasinpersonalet sine kontorareal. 

Den/dei som ønskjer å bruke slik studieplass skal legge fram ei liste over museumsnummer på dei aktuelle gjenstandane eller arkivmaterialet ein ønskjer å sjå på, namn på rettleiar (gjeld studentar og stipendiatar) og opplysingar om kva dagar eller  tidsrom ein ønskjer å bruke studierommet. Studierommet vil berre være tilgjengeleg mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar.  

Ønskje om bruk av studierommet skal meldast i god tid til: magasin@vm.ntnu.no 

Etter avtale kan studierommet også nyttast av forskargrupper i samband med  forskingsprosjekt. 

Søk i NTNU Vitskapsmuseet sine kulturhistoriske samlingar på nett: Collections Online