Det marknadsorienterte universitetet

Då NTNU vart lansert for Stortinget i mars 1995, var det meininga at dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga skulle "videreutvikle og berike" den teknisk-naturvitskaplege hovudprofilen, til ære for "industri, næringsliv, forskningsinstitusjoner som Sintef, og forskningsmiljøer i andre land", noko som "også bør komme til uttrykk i styringsorganenes sammensetning", som det står i Innst. O. nr. 40 (1994-95). Trass i streiken i AVH-miljøet vart NTNU vedteke i Stortinget etter få dagar, utan høyringar eller utgreiingar.

Regjeringa sette ned Underdalutvalet, som skulle greia ut kva vedtaket om NTNU hadde gått ut på. Utvalet hadde plenumsmøte med næringslivet og teknologiske verksemder, men ikkje med dei viktige brukargruppene til AVH, skuleverket og offentleg forvaltning.

Skuleverket vart høyrt i éi sak (lærarutdanninga), og då i ein skriftleg høyringsrunde, der det i den éi og ei halv side lange invitasjonen vart presisert tre gonger at innspel om anna enn naturvitskaplege fag ikkje var velkomne. Det vart elles bede om svar på konkrete spørsmål om naturvitskaplege fag er viktige. Dermed var konklusjonen at "alle høringsinstansene understreker behovet for å styrke lærerutdanningen i naturvitenskapelige fag", trass i at ein høyringsinstans heller fokuserte på "betydningen av kunnskap om det å være menneske", noko som forresten ikkje er nemnt i innstillinga.

Underdal-innstillinga la seg på vegner av Regjeringa opp i det faglege og kunstnariske utviklingsarbeidet, i strid med Lov 12. mai 1995 nr. 22, § 2.3. Erling Folkvord påpeikte dette for dåverande KUF-minister Gudmund Hernes i brev 5.12.1995, men Hernes svara at dette var ei sak for universitetet sjølv.

Innstillinga la òg vekt på at NTNU-profilen skulle få konsekvensar for ressursfordelinga, utan å nemna at dei humanistiske faga allereie var meir underbudsjetterte enn dei teknologiske faga. HF-fakultetet og AVH reagerte kraftig på innstillinga, m.a. meinte HF at utvalet ikkje hadde fylgt Stortingets intensjonar. KUF slo likevel fast i St.meld. nr. 24 (1995-96) at innstillinga hadde møtt "stor forståelse i de berørte miljøer". KUF hadde då hatt høyringar med Næringsdepartementet, men ikkje med Kulturdepartementet. Eit universitet som sluker Kunstakademiet og Musikkonservatoriet, har altså ikkje noko med kultur å gjera. KUF insisterte jamvel på at dei eksterne kollegierepresentantane skulle koma frå næringslivet. Då hadde allereie stortingsrepresentant Marit Nybakk under Universitetets festmøte 25. august 1995 proklamert at dei humanistiske faga har sin verdi i kva dei kan gjera for norsk næringsliv i m.a. Tanzania og Kina.

Dåverande NTH-rektor Emil Spjøtvoll sa til Universitetsavisa 16.3.1995 at NTNU ville gå ut over dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga, og: "Når man sier NTNU, forutsetter vi at man mener alvor."

På bakgrunn av alt dette skulle det vera god grunn til å meina at ein akademisk institusjon med tusenårige tradisjonar skulle ha alle føresetnader for å verta omdanna til det me kan kalla "det marknadsorienterte universitetet", slik ånda er også i NTNUs charter.

Slik sett skulle dåverande NTH-rektor Karsten Jakobsens draum verta oppfyld. Allereie i Gløs nr. 5/1990 insisterte han på at namnet "NTNU" gav dei rette teknisk-naturvitskaplege assosiasjonane, og at NTH skulle taka føring i det nye universitetet, som skulle vera "teknologisk preget". Under eit møte på Studentersamfundet 17. september 1995 slo han dermed også fast at spesielt interesserte humaniorastudentar vil studera "med større utbytte andre steder enn i Trondheim".




Jardar Eggesbø Abrahamsen
cand.philol.
vit.ass., Lingvistisk institutt