NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Klokkeklang i tusen år
Når vi går inn i eit nytt millennium, vil klokkeklangen tale til menneska om det tusenåret vi legg attom oss.

Kyrkjeklokkene i Nidarosdomen har vore ein viktig del av livet sidan tidleg mellomalder. Til tider har dei vore så viktige at dei påverka og forandra døgnrytmen til folket.

Heilt sidan Olav Tryggvassons tid har kyrkjeklokkene i Trondheim følgd folk gjennom livet, i kvardag og helg, frå fødsel til død.

I dag druknar nok klokkeringinga mange stader i trafikkstøy og motordur. På ein stille søndags føremiddag kan vi likevel ane noko av den kraft som ligg i ringinga frå dei mange kyrkjetårn, med Domen som den mektige bassrøysta. Og sogeskrivarane i mellomalderen gir mange døme på at klangen frå kyrkjeklokker var både meiningsberande og sto fram som eit viktig element i lydlandskapet.

Klokkeklangen må heilt frå første stund ha gjort eit sterkt inntrykk på menneska. Den skilte seg ut både i klangfarge og lydnivå frå dei fleste andre lydar. Snorre Sturlason nemner fleire stader klokkeringing som eit avgjerande og handlingsskapande element i kritiske situasjonar. I kongesogene blir det òg fortalt om klokkeringing for å heidre kongen når han kom til byen etter å ha vunne viktige slag: da vart det ringt i kyrkjene og prestane gjekk den sigerrike fyrsten til møtes i høgtideleg prosesjon. I samband med årtidhald - sjelemesser for rikfolk som hadde gitt kyrkja av sin rikdom - heitte det gjerne at dei skulle ringe i så mange kyrkjer som råd (og naturlegvis slik at det sto i rimeleg høve til gåva).

Alle kunne ha hjelp av klokkeringing, til dømes for å orientere seg på fjorden i tjukk skodde. Trondheim hadde ei byklokke i det høge tårnet på Margaretakyrkja, ytst i kaupangen. Ho vart kalla Bøjarbot - «byhjelp» - og er nemnt fleire stader i den norrøne litteraturen.

Blant dei viktigaste funksjonane til kyrkjeklokkene var at dei regulerte livs-, års- og døgnrytmen for alt folk i kaupangen. Dette var så grunnleggande at det til og med er nedfelt i lovverket. Ringinga ved dei ulike tidebønnene greip direkte inn i døgnrytmen, på meir enn eitt vis.

I Bjarkøyretten, bylova for Trondheim, blir fleire stader klokkeringing nemnt som tidsreferanse. Det gjeld t.d. sverjing: «Den mann som eid skal sverja, skal komma med vitna sine åt Peterskyrkja når det vert ringt til midmorgonmesse ved Kristkyrkja, og ha svore eiden før det ringjer til undorn ved Kristkyrkja.» Her var det tida mellom ringing til to tidebønner, midmorgonmesse og undorn (tredje timen, dvs. klokka 9), som skulle nyttast. Somtid vart sjølve tidebønna nytta som tidsreferanse, og sidan ikkje alle kunne vera til stades ved dei mange tidebønnene, var det vel helst klokkeringinga folk flest måtte halde seg til. Om ein mann var påført lekamsskade «før aftansong i kaupangen» kunne han krevje at bymennene vart kalla saman til møte omgåande, men dersom han vart «påført skade etter aftansong» måtte han vente til neste dag med å få brotsverket opp for bymøtet.

Det var klare reglar for kva ein kunne gjera på søndagar, og helga vart ringt inn med kyrkjeklokkene. Huder kunne ein ikkje henge opp i helga - «Men alle huder som heng ute når det ringjer til helg, dei skal hanga i helga utan straff».

I den gamle Frostatingslova er det krav om at bøndene skulle bygge kyrkjer i kvart fylke. Men kyrkja skulle òg ha utstyr: «Klokke skal alle menn i fylket vidare kjøpa til kyrkja si for tolv øyrar. Men om ho ikkje er kjøpt innan tolv månader, er dei skuldige tre merker i straff til biskopen. Og om det ikkje vert gjort, eller ein mann dreg seg unna, skal det bøtast tre øyrar til biskopen.»

Klokkeringing var òg nytta i samband med tinget: «Og den presten som rår for lovboka, han skal ringja med storklokka når han vil ganga til tings med boka, og den klokka skal ikkje ringja til anna medan tinget stend på». Dette var ein ny praksis. I saga-litteraturen heiter det at folk vart kalla til tings med lurblåster. Luren, som var brukt til alle slags tingsamlingar i vikingtida, vart avløyst av kyrkjeklokkene i kristen tid!

Denne overgangen har Snorre skildra på ein tankevekkande måte i soga om Magnus den Gode. Før slaget på Lyrskogshede (vest for Schleswig) i 1043 var kongen «fælt hugsjuk», og han sovna og drøymde at han møtte far sin, den heilage kong Olav. Helgenkongen trøysta sonen sin og sa «Eg skal følgje deg i dette slaget. Gå til strid mot vendene når de høyrer luren min.» Da kongen vakna, fortalde han om draumen. Det tok til «å lysne av dag. Da høyrde heile folket ein klokkeklang oppe i lufta, og dei av mennene til kong Magnus som hadde vore i Nidaros, tykte det var liksom dei ringde med klokka Glad; den klokka hadde kong Olav gjeve til Klemenskyrkja i Kaupangen.»

Jamvel om denne skildringa har legendekarakter, peiker ho på ei gjennomgripande og grunnleggande endring i kulturell praksis: at kyrkjeklokka var i ferd med å overta lurens rolle som kommunikasjonsmiddel - i krig som i fred. Riktignok heldt vikingarven seg fram til 1200-talet med bruk av lur, om vi skal tru sogeskrivarane. Men bruken av kyrkjeklokker, vel etablert på 1000-talet, skulle bli det varande kulturelle elementet i lydlandskapet fram til moderne tid.

Klokkeklangen gav òg inspirasjon til musikklivet. På langleiken, det mest tradisjonsrike av dei norske folkeinstrumenta, er det eit eige repertoar - dei såkalla klokkelåtane - som skal vera inspirert av klokkeringing. Somme av desse har jamvel namn etter kyrkjeklokker. SanktThomas-klokkelåten er såleis oppkalla etter klokkene i Thomas-kyrkja som sto på Fillefjell, og desse har namn etter erkebiskopen av Canterbury, Thomas Becket, som vart helgenkåra i 1170. Den monotone klangen i SanktThomas-klokkelåten minner om klokkeklang og er såleis i godt samsvar med det opphavet folketradisjonen har tillagt desse vedkjømelege tonestykka.

Klokkeklangen har halde seg gjennom heile tusenåret. Han har følgd generasjonane og varsla om sorg og glede, krig og fred og brannkatastrofar. Når behovet meldte seg, ringte vektarane med kyrkjeklokkene, og dei var eit fast innslag i bybildet frå Magnus Lagabøters tid til 1800-talet.

Det er først i vår tid at dei fysisk nærverande og sansbare lydbølgene frå kyrkjeklokker har måtta vike plassen for elektromagnetiske bølgjer og etermedia, som langt meir effektivt og presist kan spreie viktige meldingar til alle i samfunnet. Men framleis kling kyrkjeklokkene «frå tusund tårn» ved høgtider og livets viktige milepålar. Og framleis gir det meining å vise til Adam av Bremens karakteristikk av «Trondheimnis» på 1000-talet som byen med dei mange kyrkjer. Når kyrkjeklokkene i Trondheim ringer inn det nye året, vil dei i dobbel meining fylle byen og menneska med ein tusenårsklang.


OLA KAI LEDANG
FOTO: KENNETH AAR