| ntnu.yes
Ideen om å bruke vev-signaturen ntnu.no, ikkje berre som
vev-adresse, men også som signatur på trykksaker og i
andre samanhengar, er så spenstig at Informasjonsavdelinga
premierer ideen. Vi presenterer den kreative opphavsmannen lenger
bak i avisa.
Men det er ein hake ved alt. For engelsk-talande må det
siste leddet i signaturen oppfattast som eit kontant nei. Og det
er jo ikkje særleg positivt. Derfor har det kome eit enda
meir kreativt forslag. Det er ntnu.yes!
Desse kreative innspela representerer kanskje ikkje dei største
merkesteinane i NTNUs historie. Universitetsavisa omtalar i dag
eit par andre som dei fleste vil meine er hakket større.
Men uttrykket ntnu.yes ligg faktisk lenger framme på tunga i
år enn ved det førre årsskiftet. Fleire og
fleire«kjenner på gikta» at det er blitt fleire
ja og færre nei ved NTNU i året som er gått.
Denne oppfatninga bygger på rein intuisjon, men den skal ein
ikkje flire av, seier vår nye prorektor i eit ferskt
portrettintervju.
Det er nemleg rart med det. Når fleire og fleire
universitetskolleger seier «look to Trondheim»,
gjentar det og nærmast snappar etter luft når dei
nemner pågangsmotet, endringsviljen og tempoet her nord for
Dovre, ja, da gjer det eit visst inntrykk på oss alle. Det
er folk som er blitt rak i ryggen av mindre.
Vi ønskjer trygg jul og god forandring ! |