Kult å vera datanerd

Medan dei unge dataentusiastane møtest i store
idrettshallar, har dei eldre IT-ekspertane eigne eksklusive treff. Lene
Jensen (31) (t.h.) og Hanne Moa (23) er to av desse.
Den nye generasjonen dataentusiastar er «IRC-beibs» i
korte toppar og hippe skeitarar med buksa godt nedpå baken. Stadig
fleire jenter søkjer seg til datamiljøa.
Sosiolog Hege Nordli avliver myten om datanerden.
- Datanerdar dusjar seg, går i velstelte klede og ser ut som alle
andre ungdomar, seier Nordli som i doktorgradsarbeidet sitt forskar på
kvinnelege hackarar.
- Ut frå mine observasjonar på gatherings (dataparty,
messe for unge dataentusiastar, red. anm.) har eg fått inntrykk av
at det er in å vera datanerd. På norske gatherings finn du
i dag «IRC-beibs» i korte toppar og hippe skeitarar med buksa
godt nedpå baken. Å vera god i data er eit pluss i mange ungdomsmiljø.
Bush party
Nordli hevdar at PC-en som multimediamaskin har eit bruksområde
som passar ungdomsgenerasjonen godt.
- Pugging er ikkje lenger så sentralt i skuleverket. I dagens
informasjonsflaum er det viktigare å vera kjeldekritisk og kunne
sila kvalitativ god informasjon frå dårleg.
Nordli meiner å sjå eit skilje blant dataentusiastane i
Norge.
- På dei ulike norske datapartya som til dømes blir arrangert
i Lakselv, Årdal og på Hamar, finn du alle typar datainteresserte
ungdommar, frå dei som knapt kan noko til dei som er «ekspertar».
I tillegg finst det eit miljø for dei meir kunnskapsrike, so kalla
bush party eller scene party. Desse partya blir i liten grad
annonsert over internett eller gjennom offisielle kanalar og er difor vanskelegare
å få vera med på.
Jenteauke
Stadig fleire jenter søkjer til datamiljøa. Til dømes
på Norges nest største gathering i Lakselv var det i år
over éin tredjedel jenter. Dette var ein kraftig auke frå
i fjor. Hege Nordli meiner å sjå to ulike typar jenter i miljøet,
groupies og datajenter. Dette omgrep som blir brukt i miljøet.
- Groupies er jenter i 15-16 års alderen som i hovudsak er der
for å treffa gutar og for å chatte på nett. Desse har
ofte liten dataerfaring og er i klart fleirtal. Datajentene derimot høyrer
til i datagrupper og er ofte einaste jente i gjengen; dei vil vera éin
av dei andre og ynskjer ikkje ekstra merksemd fordi dei er jenter.
Desse jentene har lang fartstid bak datamaskina og er kunnskapsrike. Så
sjølv om miljøet på gatherings ikkje er like gutedominert
som tidlegare, er det framleis gutane som er dei mest datakyndige, seier
Nordli.
Hacker vs. cracker
Nordli si doktorgradprosjekt ber arbeidstittelen «PCskjørt
fra Kodeknekker til Internettpiloter. En kvalitativ studie av kvinnelige
hackere.» Nordli håpar ved å studere ei ekstremgruppe,
som kvinnelege hackarar, vil dette ikkje berre gje kunnskap om ekstremgruppa,
men vil samstundes seia noko om kvinner sitt forhold til data generelt.
Nordli har til no ikkje kome i kontakt med kvinner som titulerer seg om
«hacker».
- I datamiljøa er «hacker» eit honnørord til
dei som er genialt gode ? i motsetnad til cracker som driv illegal dataverksemd.
Dyktige datakvinner vegrar seg for å karakterisera seg sjølv
som «hacker», fordi dei meiner dei ikkje er dyktige nok til
å smykka seg med tittelen.
Hekta på nettet
Lene Jensen vart aggressiv og skjelven i heile kroppen når
ho var avlogga frå nettet. Ho var nettavhengig.Det er ikkje Hanne
Moa sjølv om ho sit opp til 15 timar føre skjermen kvar dag.
- Det å sitja framføre datamaskina døgnet rundt
er ein livsstil, seier Hanne Moa. Informatikkstudenten sit framføre
datamaskina når ho ikkje søv, et eller går på
do.
- Det kan bli opp til 15 timar per dag, seier 23 åringen som ikkje
vil karakterisera seg for nettavhengig.
Éi som derimot var nettavhengig, er Lene Jensen, også informatikkstudent.
Ho sto i fjor ope fram og fortalde om korleis ho følte seg som ein
narkoman i omgang med internettet.
Nettsjuke
- Eg vart aggressiv og skjelven i heile kroppen når eg var avlogga.
Alt eg tenkte på var at eg ville logga meg på igjen.
- Straks eg var ute på internettet, vart eg avslappa og roleg
att; eg kjende meg som eit menneske, fortel Jensen. Det er sju år
sidan ho innsåg at internettet hadde teke kontrollen over livet hennar.
Jensen tok seg sjølv i nakken og greidde å koma over misbruket
på eiga hand. Det er ikkje alltid det går so lett. Jensen og
Moa har sett mange datavener som har blitt hekta på nettet.
- For dei fleste går denne umiddelbare fascinasjonen over etter
eitt år, og dei får eit meir naturleg forhold til det å
nette, seier Jensen som i dag maksimalt bruker 40 timar i veka. Jensen
var primus motor bak dataforeininga Nettverksgruppa (NVG) som vart oppretta
i 1990. Hanne Moa byrja i NVG med ein gong ho flytta til Trondheim i 1997.
Talet på jenter i NVG har auka dei siste åra, men framleis
er gutane i klart fleirtal.
Nettsex
Sosiolog Hege Nordli ved NTNU leverte i fjor ei hovudoppgåve som
viste at internettet er blitt inngangsporten til IT for jenter. Dei sørfar,
søkjer og snakkar på nettet - som regel i den rekkefølgja.
Nordli sin studie viste dessutan at kyberverda er blitt ein viktig møteplass
for mange jenter, fordi denne verda er kroppslaus og fritek difor jentene
frå dei sterke krava som blir stilt til utsjånad. Gjennom pratelinjene
utforskar gutar og jenter identiteten sin. Den virtuelle røynda
opnar for at brukaren kan justera personlegdomen sin, lyga litt på
alder og kjønn - fordi ein ikkje treng bruka sitt ekte namn.
Både Moa og Jensen bruker mykje tid på seriøse pratelinjer.
- Det er morosamt å lata som om du er ein anna person; du kan
flørta med gutar, testa ut personar eller diskutera faglege emne,
seier Moa.
Jensen legg til at det ikkje alltid er hyggjeleg å vera kvinne
på nettet:
- Mange jenter blir plaga av pågåande menn som vil alt frå
å be dei ut på middag til å ha nettsex.
Moa understrekar likevel at pratelinjene fungerer mest som ein arena
for leik med identitet og psyke.
Moa og Jensen har mange års røynsle med mus og tast. Ingen
av dei deltek på gatherings lenger.
- Eg har ingenting å henta der lenger - korkje sosialt eller fagleg,
seier Jensen. Moa samtykkjer. Dei to er med på IRC-kanalar, pratelinjer,
der deltakarane også møtest i det verkelege livet til både
faglege og sosiale arrangement. Dei to hevdar at pratelinjer ikkje har
erstatta det sosiale livet, men at det fungerer som eit supplement.
NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)
|