NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Ny seniorpolitikk ved NTNU

Ein handlingsplan for seniorpolitikk ved NTNU vil truleg føreliggja i løpet av våren 2000.

I mange år har seniorane vore ein gløymd ressurs som NTNU ikkje har teke vare på. Når det ved nokre fakultet på Gløshaugen er to av tre professorar som er over 57 år, er det ekstra alvorleg å ikkje ha eit system som tek vare på kunnskapen og nettverket deira. Ei NTNU-undersøking som Universitetsavisa presenterte 3. juni i år viser at mange seniorar er frustrerte over denne situasjonen og ynskjer arbeidsordningar som gjer at dei betre kan utnytta kompetansen sin. Psykologiprofessor Ivar Bjørgen, som var éin av dei som sto bak dette prosjektet, har no overlevert ein rapport til NTNU si Personalavdeling der han understrekar viktigheita av at NTNU utarbeider ein livsløpspolitikk.

- Det er viktig for universitetet å utvikla ein personalpolitikk for heile livsløpet. Livsløpsførebuing skal ikkje vera førebuing til pensjonisttilværet. Det gjeld alle og alle fasar av livet. Men der er store skilnader, difor gjeld det å finna fram fleksible ordningar som kan starta på eit tidleg tidspunkt, seier Bjørgen.

Tiltak

Bjørgen føresler at NTNU kan opna for at tilsette kan få høve til å fordjupa seg i forsking, undervising eller administrasjon - oppmuntra til varierte erfaringar - alt etter kva fase av livet arbeidstakaren er inne i. Han meiner også at meriteringssystemet må verdsetja både tverrfaglegheit og fordjuping når det gjeld forsking. NTNU må gjera det
attraktivt å halda fram i arbeidet og hindra at kompetansen går tapt ved avgang i stillingar.

- Før til dømes ein professor sluttar må han få høve til konsentrera seg om det han har spisskompetanse til og skapa eit miljø kring seg som kan halda oppe kompetanse innan det spesifikke emnet. Dessutan vil kontaktar og nettverket bli teke vare på. Slike ordningar må sjølvsagt vera frivillige.

Bjørgen meiner ny forsking viser at periden 60 til 90 år for dei fleste kan vera ein intellektuell produktiv periode for mennesket.

- Dette forutset utfordringar og aktivitet. For NTNU må det vera viktig å ta konsekvensane av dette. Det er kompetansen som skal bestemma om ein kan få eit kontorlokale og tilgang til utstyr, ikkje plassen i livsløpet, seier Bjørgen.

Open prosess

I rapporten til Personalavdelinga har psykologiprofessoren lagt ved den store mengda med forslag til seniorpolitikken ved NTNU som kom frå deltakarane i undersøkinga. Bjørgen håpar at flest mogleg ved NTNU kan koma med forslag.

Det finst ingen sentral handlingsplan for seniorpolitikken ved NTNU. Knut Veium, leiar for Personalseksjonen ved NTNU, fortel at undersøkinga og rapporten frå Psykologisk institutt skal sparka i gang ein prosess som skal resultera i ein handlingplan for personalpolitikken ved NTNU våren 2000. Kollegiet skal truleg drøfta saka i oktober.

- Handlingsplanen vil omhandla seniorpolitikk i samanheng med andre personalpolitiske forhold som rekruttering- og lønspolitikk, seier Knut Veium. 


NORALV PEDERSEN