NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Diskriminert som jobbsøkjar

 
Celebral parese-råka Bjørn Waage (39) har etter ti år endeleg fått fast jobb, men han kjenner mange funksjonshemma som har gitt opp og ikkje søkjer etter jobbar lenger.  
   

Celebral parese-råka Bjørn Waage (39) har endeleg fått fast jobb - ti år etter han var utdanna cand.mag. ved Universitetet i Trondheim.

Datoen 14. september 1998 hugsar Bjørn Waage godt:

- Det var fyste arbeidsdagen min i Dovre Safetec.

Ti år etter han var ferdig utdanna ved tidlegare AVH - med mellomfag i psykologi og sosiologi og grunnfag i samfunnskunnskap -? har han endeleg fått fast jobb. Waage er letta og lukkeleg:

- Endeleg får eg bruka den lange utdanninga mi. Jobben betyr særs mykje for sjølvkjensla og menneskeverdet.

Frustrasjon

Waage fortel om åra som arbeidslaus; han fortel om frustrasjonen.

- Eg har i periodar følt at eg har vore på veg ut av livet, at livet har gått i frå meg. Heldigvis er eg utstyrt med pågangsmot og viljestyrke og har aldri mista trua på eigen kompetanse - trass i motgangen. Den store støtta frå familien har også betydd mykje, seier Waage. Han kjenner mange funksjonshemma som har vore i tilsvarande situasjon og som har gitt opp.

- Etter avslag på avslag har dei mista motet. Dei søkjer ikkje på jobbar lenger, fortel Waage. Han har i kortare periodar arbeidd i verna verksemd, skuleverket og hjå skattefogden. Dei arbeidsoppgåvene han har hatt der har ikkje samsvara med utdanninga. Etter å ha vore deltakar i arbeidsmarknadsprosjektet Arbeid med Bistand fekk Waage endeleg kontakt med Safetec i fjor. Verksemda mangla på det tidspunktet ei stilling som kunne ha arbeidsoppgåver i feltet mellom sivilingeniørane og sekretæren. No arbeider Waage som prosjektassistent, er mellom anna med og studerer ulykker i oljebransjen og har ansvaret for utgreiinga av 2000-problemet ved verksemda.

Lite som skal til

- Det skal ikkje mykje til for å leggja til rette arbeidstilhøve for funksjonshemma, fortel Arnstein Skogset, avdelingsleiar i Safetec. Dørstokkane i kontorlokala er tekne vekk og det er montert eit høgare sete og automatisk døropnar på toalettet. Meir skal det ikkje til.

- Ein kan søkje om stønad frå Rikstrygdeverket for å få dekka utgifter til nødvendige hjelpemiddel. Verksemder som tilset ein yrkeshemma, treng ikkje å få økonomiske utgifter, seier Skogset. Han fortel at Safetec hadde behov for ein medarbeidar med Bjørn Waage sine kvalifikasjonar.

- Waage er løysingsorientert - ein eigenskap som er veldig viktig i jobben. Han har nok overført livshaldninga si til arbeidet, meiner Skogset. Han oppfordrar databaserte små- og mellomstore verksemder i Trøndelag til å nyttiggjera seg av kunnskapen som finst blant funksjonshemma. Skogset trur ikkje arbeidsgjevarar har negative haldningar overfor funksjonshemma.

- Dei er usikre og manglar kunnskap. Sjølv har eg lært at det skal ikkje mykje til for å tilsetja ein person med funksjonshemming. 

Funksjonshemma utestengt

Ny forsking sler fast at studentar med funksjonshemming har svært store vanskar med å få jobb.- Arbeidsmiljølova må endrast, krev Funksjonshemmedes fellesorganisasjon.

Mange funksjonshemma blir utestengt frå arbeidsmarknaden. Det viser eit forskingsarbeid som er utført av Norges Handikapforbund (NHF) Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) har gjort ein intervjuanalysen, som er basert på intervju med 30 jobbsøkjande funksjonshemma, stadfestar ein type forskjellsbehandling ein har sett indikasjonar på lenge.

- Ein jobbsøkjar som oppgjev funksjonshemminga i søknaden, blir ikkje kalla inn til intervju. Viss kandidaten ikkje opplyser om funksjonshemminga og blir kalla inn til intervju, får han ikkje vist kva han kan fordi arbeidsgjevaren berre ser vanskane med tilretteleggjing og ikkje veit kva støtteordningar som finst, seier Kari Marie Helle, forskaren som har analysert NHF si undersøking.

Verksemder kan søkje om stønad frå Rikstrygdeverket for å få dekka utgifter til nødvendige hjelpemiddel. Verksemder som tilset ein yrkeshemma, treng difor ikkje å få økonomiske utgifter.

NHF si undersøking samsvarar med arbeidsløyseutviklinga dei siste fem åra: Medan arbeidsløysa blant funksjonsfriske nesten er halvert sidan 1994, har arbeidsløysa blant yrkeshemma auka svakt.

Avvist på jobbintervju

- Ein arbeidsgjevar er vanlegvis oppteken av kvalifikasjonane til ein jobbsøkjar, men når han får ein funksjonshemma til jobbintervju, blir han automatisk problemorientert. Ein jobbsøkjar med funksjonshemming får derfor korkje vist eller vurdert kvalifikasjonane sine. Dette er ein type utestengjingsmekanisme som råkar funksjonshemma svært ofte. Å få avslag på avslag gjev dårleg sjølvbilete som igjen fører til at funksjonshemma etter kvart vegrar seg for å søkja jobb, seier Helle. I NHF si undersøking er alle sterkt rørslehemma, men også andre undersøkingar ved AFI viser at til dømes synshemma har liknande problem.

Arbeidsmiljølova seier at arbeidsgjevar pliktar å leggja forholda til rette for arbeidstakarar med funksjonshemming. Forskingsrapporten viser at mange kvalifiserte funksjonshemma likevel vegrar seg for å trua med lova i handa fordi dei er redde for kva følgjer dette vil få for arbeidsmiljøet.

I skuggen av innvandrarane

Det siste året har det vore mykje mediamerksemd om innvandrarar som blir diskriminert på arbeidsmarknaden. Arbeidsmiljølova §55A er også endra og seier at diskriminering av innvandrarar på arbeidsmarknaden er forbode. Eit forbod om diskriminering av funksjonshemma er enno ikkje teken inn i Arbeidsmiljølova.

- Den openlyse diskrimineringa som skjer på arbeidsmarknaden viser at haldningskampanjar ikkje er nok. Arbeidsmiljølova må endrast slik at ho eksplisitt omfattar også funksjonshemma, seier Jarl Ovesen, informasjonsleiar i Funksjonhemmedes fellesorganisasjon (FFO). FFO blei oppretta i 1950 nettopp for å gjera det lettare for funksjonshemma å koma seg ut i arbeidslivet.

- NHF si forsking stadfestar alle dei tilbakemeldingane FFO har fått frå fortvila funksjonshemma som blir avvist arbeidsmarknaden på grunn av funksjonshemminga. Det er desillusjonerande og trist å sjå at velkvalifiserte funksjonshemma som vil ta aktiv del i arbeidslivet, blir avvist på denne måten, seier Ovesen.
 


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)