NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Debatt
Nasjonal dugnad for funksjonshemma

NTNU ynskjer å bli eit nasjonalt knutepunkt for funksjonshemma studentar i Norge. Ei prosjektgruppe leia av Jarle Jacobsen har fått 1,6 millionar i stønad frå Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Studentsamskipnaden i Trondheim og NTNU.

- I dag manglar det ein heilskapleg tenking kring tilretteleggjinga for funksjonshemma studentar. Det må skje eit drastisk løft, ein nasjonal dugnad for funksjonshemma studentar, seier Jarle Jacobsen. Han peikar på dei vanskane funksjonshemma møter på i studiekvardagen sin:

- Det er viktig at ressursane blir brukt effektivt slik at alle studentar med funksjonshemming skal ha eit fullverdig studietilbod ved universiteta og høgskulane i landet.

Jacobsen ser føre seg at NTNU kan ta på seg rolla med å gjere studietilboda lettare tilgjengeleg.

- Dette kan gjerast gjennom eit elektronisk nettverk. Tilbodet kan og styrkast ved å byggja eit personleg nettverk av rådgjevarar ved universitet og høgskular, seier Jacobsen. Prosjektgruppa vil også sjå på korleis ein kan samordna tenestene i offentleg sektor - som Statens Lånekasse, Arbeidsetaten og Trygdefondet. Gruppa arbeider også med idear for å betre den problematiske overgangen frå studiesituasjon til arbeidsliv.

NTNU har hatt rådgjevarteneste sidan 1997 og handlingsplan for funksjonshemma studentar sidan 1998. Prosjektgruppa har ei pådrivarrolle for å få i gang handlingsplanar og rådgjevingstenester ved andre høgskular og universitet i landet innan årskiftet. Prosjektgruppa vil leggja fram resultata i løpet av vårsemesteret 2000.


NORALV PEDERSEN