NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Bakgrunn
Fredsprisvinnar i live

 
På telefon frå Darwin, Australia, uttrykkjer Antero Benedito da Silva stor stor uro for dei hundretusenvis av austtimoresiske flyktningar i Vest-Timor som blir tekne til gislar og terrorisert av den pro-indonesiske militsen. Biletet er teke under ISFiT-festivalen i mars i år.  

Antero Benedito da Silva, som mottok Studentenes fredspris i Trondheim tidlegare i år, er i sikkerheit i Australia. Han er særs uroa for austtimoresarane som har flykta til Vest-Timor der militsen utan hindringar får
terrorisera flyktningane.

Tidlegare dette året fekk Antero Benedito da Silva Studentenes fredspris under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, ein pris som norske studentar gav til da Silva og dei andre studentaktivistane for deira kamp for eit fritt Aust-Timor. Med ikkje-valdelege verkemiddel har da Silva gått fremst i dei fredelege demonstrasjonstoga og har vore med å løfta studentane sin kamp for eit sjølvstendig Aust-Timor opp frå gatene i Dili og inn i forhandlingslokala i FN. Han har blitt djupt respektert for det blant austtimoresarane.

For vel ei veke sidan var det uvisst om studentleiaren Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor var i live. Da Silva og 1500 andre flykningar hadde søkt tilflukt frå militsen sine herjingar i FN sitt hovudkvarter i hovudstaden Dili, men ville gå den sikre død i møte viss dei siste 40 FN-observatørane blei evakuert ut frå Aust-Timor. Dei siste livsteikna frå da Silva var e-postar datert 6. september der han skildra korleis Dili brenn etter militsen sine herjingar og der han ber det internasjonale samfunnet sikra tryggleiken til folket på Aust-Timor.

So kjem den gode meldinga fredag 17. september: Antero Benedito da Silva er saman med dei 1500 flykningane og FN-observatørane evakuert ut frå FN sitt hovudkontor og er komen til Darwin, Australia, tysdag i førevegen.

Svært uroa for flyktningane

På telefon frå flyktningeleiren er det ein nøktern studentleiar som måndag 20. september fortel om dei to vekene på flukt frå milits og indonesisk politi.

- Me håpa heile tida at FN skulle bli verande i Dili. Fyrst fekk me meldingar om at dei skulle trekkja seg ut, noko som gjorde oss redde. Men så kom kontrabeskjeden om at FN-personellet nekta å forlata Dili sidan ikkje tryggleiken til flykningane var sikra. I løpet av dei ni dagane me var i FN-bygget invaderte militsen fleire gonger lokala med macheteknivar og skytevåpen for å skapa frykt.

Da Silva og andre høgt profilerte uavhengigheitsleiarar er spesielt utsette for militsåtak. Han fortel om korleis 16 væpna militssoldatar den 5. september hadde kome på døra hans i studentsenteret i Dili ? i det han skulle bli henta i bil av to vener. Sjåførane avspora soldatane slik at da Silva greidde å koma seg seg vekk. Dagen etter hadde dei same soldatane storma huset.

- I flyktningeleiren er det vanskeleg å få tak i informasjon om situasjonen på Aust-Timor akkurat no. Eg har fått vita i dag at den tungt væpna FN-styrken har kome til Dili og at det heile hadde gått fredeleg føre seg. At situasjonen i Dili ser ut til å vera under kontroll, er gledeleg, men ein må vera klar over at militsen er urekneleg. Dette ser ein tydeleg på Vest-Timor der militsen tek gislar og terroriserer dei hundretusenvis av flykningar som har flykta over grensa. Arbeidsvilkåra for dei austtimoresiske aktivistane skal vera ekstremt vanskelege, og - ut i frå dei meldingane eg har fått - er den humanitære situasjonen prekær.

Da Silva uttrykkjer stor uro for dei tusenvis som har levd på røter dei siste vekene og som er truga av svolt. Han er også redd for vener, slekt og studentmedarbeidarar som har flykta til Vest-Timor.

Den fysiske formen til da Silva er ok, men han får ikkje reisa frå flyktningeleiren før fredag 24. september på grunn av karantena i leiren. Da Silva, som rettar ei stor takk til studentane og andre i Norge som står på for Aust-Timor-saka, vil i fyrste omgang bli verande i Australia.

- Eg ser fram til å koma ut av leiren for å koma i gang med arbeidet for at folkerøystinga - der austtimoresarane sa 'ja' til eit fritt Aust-Timor - respektert av Indonesia.

Blodbad, ikkje borgarkrig

30. august 1999 gjekk altså 98,6 prosent av velgjarane på Øst-Timor til valurnene, 78,5 prosent stemte for uavhengigheit frå Indonesia. Fleirtalet var overveldande, og gjennomføringa av valet gjekk forbløffande bra ? nesten utan valdsepisodar. Etterpå braut helvetet laus, som me no alle veit. Militsen - med open støtte frå den indonesiske hæren - sette i gang ein valdsorgie som har dreve hundretusenvis ut av landet og kosta eit ukjent tal menneske livet.

Politisk har hæren og militsen tapt, og dei har lenge truga med blodbad dersom dette skjedde. Ein vel underbygd teori er at dei indonesiske militære ønskjer å provosere fram ein borgarkrig, eller noko dei kunne kalle det, for å ha eit påskot til å intervenera att og «gjenoppretta ro og orden». Mange kommentatorar hevdar at det som har skjedd på Aust-Timor ikkje er eit resultat av ein borgarkrig mellom dei åtti og tjue prosentane, men den indonesiske hæren sin rå kamp mot alle som trugar den suverene maktstillinga som denne hæren hadde under tretti års Suharto-diktatur. Fyrst og fremst gjeld dette det austtimoresiske folket, men også FN og verdssamfunnet, og Indonesia si eiga sivile regjering, som gjennom president Habibie for fyrste gong har prøvd å føra ein eigen utanrikspolitikk ved å opna for ei rimeleg løysing på Aust-Timor-saka.

Kva er so studentane si rolle? Berre veker etter at president Suharto i fjor sommar måtte gje frå seg styringa i Indonesia, gjennomførte studentane opne møte med befolkninga over heile Aust-Timor. På desse møta kunne austtimoresarar for fyrste gong på 23 år snakka om redsla, om mishandlinga og om terroren, men også om håpet om ei betre framtid. Studentane spelar ei aktiv rolle ikkje berre på lokalt nivå, men også i fredsprosessen på internasjonalt nivå og har hatt møte med utsendingar frå FN og EU.

Studentane sin kamp

Før folkerøystinga dreiv studentane ein større opplysingskampanje om uavhengigheit frå Indonesia. Dei reiste kringom på øya og opna studentkontor for å læra folket kva valet gjekk ut på. Studentane viste imponerande mot. Dei valde å oppretta studentkontor i dei fleste byane sjølv om dei visste at dei risikerte livet. Sjølv var da Silva med på å opna eit studentkontor i byen Viqueque 11. august. Då studentane kom, sperra politiet og hæren av vegane kring byen. Militsen storma inn i studentkontoret og hogg to studentar i bitar. Ein vart skoten mellom augo. Da Silva kom seg vekk ved å flykta gjennom skogen. Norske observatørar som snakka med da Silva etter attentatet fortel at han var skaka, men fast bestemt på å halda fram kampen.

Drapet på dei tre på studentkontoret i Viqueque er slett ikkje fyrste gongen det indonesiske spesialpolitiet skyt mot fredeleg demonstrerande studentar. Det same skjedde den 12. november 1991 då fleire tusen austtimoresarar følgde ein ung student til grava. Han vart drepen av indonesiske militærstyrkar. Den fredelege gravferda vart forvandla til eit blodbad då soldatar utan åtvaring opna eld mot gravfølgjet. Over 260 menneske blei meia ned. Denne massakren, som har fått namnet etter kyrkjegarden Santa Cruz, markerte eit vendepunkt for fridomskampen på Aust-Timor. To britiske fotografar og to amerikanske journalistar var på kyrkjegarden då det skjedde og greidde å smugla ut filmopptaka av blodbadet. Etter 16 år med lidingar fekk endeleg politikarar og media i Vesten opp augo. Mange har i ettertid spurt korleis det i 16 år kunne rasa ein blodig krig utan at verda viste interesse.

Sjølv var Antero Benedito da Silva 7 år under invasjonen i 1975. Som 9-åring måtte da Silva og familien flykta opp i fjella for å sleppa unna dei indonesiske okkupasjonsstyrkane. I mange månadar budde da Silva, tre små sysken, far, mor og ei gamal bestemor under ein fjellhammar. Mora mista livet i fjella då ho skulle føda. Barnet døydde og. Kvar dag bomba den indonesiske hæren. «Bekkane var raude av blod frå uskuldige kvinner og menn, unge og eldre», fortalde da Silva då han vitja Trondheim i mars. Familien kom heim kring juletider 1978. Landsbyen var brent. Alt var borte. Far til da Silva døydde i 1987 etter ni år med psykisk terror - politiavhøyr og truslar. Av ein stor familie har da Silva berre att ein bror og to søstre som er i live Det vil seia: Han veit ikkje om dei er i live no.

- Dei budde litt utanfor Dili. Eg har høyrt at folk frå det område har blitt drive på flukt til Vest-Timor der militsen herjar. Eg håpar ikkje dei er der, seier da Silva på telefonen frå flyktningeleiren i Darwin. Stille.


NORALV PEDERSEN
SISSEL MYKLEBUST (FOTO)