NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
- Stogg Frp sin innvandrarhets

To NTNU-tilsette er lei av det dei kallar «Fremskrittspartiets stadig mer krenkende uttalelser om asylsøkere og innvandrere». Dei har starta ein underskriftskampanje som har fått stor oppslutning.

- På vegne av det norske folk bør Kongen eller statsministaren be framandkulturelle om orsaking, meiner Åse Berge og Even Gran, initiativtakarar bak oppropet mot Frps innvandrarhets.
f

- Eg er lei av Frp si sjikanering av framandkulturelle, seier Åse Berge, seksjonssjef ved NTNU og initiativtakar bak oppropet mot FrPs innvandrerhets. Berge fortel om bakgrunnen til aksjonen:

- Eg vakna opp førre torsdag til 07-nyhenda på radioen der Jan Simonsen frå FrP lanserte forslaget om at asylsøkjarar skulle fotfølgjast utanfor asylmottaket. Dette var dråpen som fekk begeret til å flyta over. Som vanleg nordmann blir eg opprørt, flau og fortvila over innvandrarhetsen Frp har spreidd i denne valkampen. 'Her må det gjerast noko', tenkte eg.

Saman med systera Ragna Ann Berge, Even Gran og Eiri Elvestad har Åse Berge laga ein underskriftsaksjon på nettet slik at andre personar på grasrotnivå kan vera med å protestera mot det aksjonistane kallar «Fremskrittspartiets stadig mer krenkende uttalelser om asylsøkere og innvandrere».

- Målet er å visa omverda at vanlege menneske reagerer med avsky mot Frp sine innvandrarutspel i valkampen, seier Berge og understrekar at personane som står på oppropet gjer det som privatpersonar, ikkje som representantar for nokon organisasjon eller politisk parti.

Massiv oppslutting

Dagen etter aksjonen vart sett i gang, hadde oppropet samla over 400 underskrifter.

- Ved å skriva under oppropet er folk med på å visa Frp at vanlege menneske i dette landet ikkje finn seg i at innvandrarar og asylsøkjarar blir handsama som annanrangs menneske, seier Even Gran, informasjonskonsulent ved NTNU. Han meiner Frp representerer eit inhumant menneskesyn.

- Alle menneske er likeverdige einskildindivid, med krav om å bli handsama med respekt. Me reagerer kraftig mot det menneskesynet som ligg under Frp-representantar sine utspel. Det får vera grenser på kor langt Frp kan gå i å krenka mennesket sine grunnverdiar, seier Gran. Han og resten av aksjonsgruppa meiner at Kongen eller statsministaren på vegne av det norske folk bør be innvandrarar og asylsøkjarar om orsaking.

- Me vil ikkje bu i eit land der framandkulturelle blir stigmatiert, seier Åse Berge.

Du kan skriva under på oppropet på vevsida:

www.stud.ntnu.no/studorg/frpaksjon/


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)