NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Mobilfeber blant unge
 
 
- Over halvparten av elevane i klassen vår har mobiltelefon, seier 10. klassingane Mari Solberg Roos (t.v.) og Maja Nesjan (t.h.). Klasseveninna Eva Sætereng Wiken (midten) skal også snart få seg éin.
 

Ei ny undersøking utført ved NTNU viser at nesten halvparten av alle 9. klassingar har eigen mobiltelefon. Barneombodet reagerer kraftig på kjøpepresset og krev tiltak frå Regjeringa.

Kring 45 prosent av 9. klassingar har mobiltelefon. Nesten like mange jenter som gutar har mobiltelefon. Det viser ei undersøking om ungdom sin bruk av ulike læremidler, der også bruken av IKT heime og på skulen inngår.
- Dette er oppsiktsvekkjande resultat, seier fyrsteamanuensis Berit Skog ved Insitutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, som har leia undersøkinga. Ho viser til at mobiltelefonbruken blant unge har auka kraftig dei siste åra. Undersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter og byggjer på ein spørjeundersøking blant eit landsrepresentativt utval elevar i 9. klasse våren 1999. 2980 elevar frå 70 skular svara på sprøjeskjema. Svarprosenten var 85. 

Ungdom ekskludert

- Flott at me endeleg har tala på bordet, seier barneombod Trond Waage om resultatet frå undersøkinga. Barneombodet har fått dei siste åra fått mange reaksjonar frå fortvila foreldre og ungdom som reagerer på kjøpepresset for mobiltelefon retta mot ungdom.

- Me har døme på ungdom som er blitt ekskludert frå vener fordi dei ikkje har mobiltelefon. Dette er leit, seier Waage. Barneombodet peikar også på at mobiltelefonbruk endrar det naturlege sosiale nettverket blant unge.

- I sommar skulle til dømes ungdomar i Trondheim ha fest. Dette blei spreidd i mobiltelefonnettverket og plutseleg var "halve byen" på døra. Resultatet vart eit rasert hus.

Waage er også uroa for strålingsfaren som er knytta til bruk av mobiltelefon. 

- Det finst lite dokumentasjon på dette. I Storbritannia har helseministeren teke dette på alvor og sett ned ein komite som skal sjå på strålingsfaren. Dette har ikkje blitt gjort i Norge - trass i at Regjeringa har gode forskingsmiljø til dømes ved NTNU, seier Waage som mellom ulike tiltak etterlyser opplysing til foreldre. 

- Dessutan må skule og idrettsarenaer vera kjøpe- og reklamefri sone. Skulen må ta dette problemet på alvor. Viss ikkje dette nyttar, må Regjering gå inn med reguleringar som skjermar ungdomen mot kjøpepresset, seier barneombodet.

Kjøpepress i skulegarden

- Det er råmange i klassen som har mobil - minst over halvparten, seier Mari Solberg Roos i klasse 10 D ved Blussuvoll skule. Mari fekk mobiltelefon til konfirmasjonsdagen i fjor. Det gjorde også klasseveninne Maja Nesjan. Eva Sætereng Wiken i parallellklassen har ikkje fått mobiltelefon enno, men det blir det ei ordning på. 

- I dag skal eg også endeleg kjøpa meg éin, seier Eva. Alle tre meiner dei har behov for mobiltelefon:

- Me blir meir tilgjengelege. Dessutan er det artig å senda meldingar.

Jentene innrømmer at dei sender meldingar i timen viss undervisinga blir for kjedeleg.

- Me kan til dømes avtala når me skal gå på trening. Og så flørtar me litt med gutane, ler jentene. Mari trur at sidan stadig fleire får mobiltelefon, er det nokon som opplever kjøpepress:

- Når du ser at alle andre har, er det vanskeleg å stå i mot.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)