NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
NTNU-teknologi kan hindra økokrise

Direktør M.A. Samad og kjemiprofessor Torbjørn Helle, studerer jutepapiret som truleg vil dempa presset mot den truga mangroveskogen i Bangladesh.

Ei ny undersøking utført ved NTNU viser at nesten halvparten av alle 9. klassingar har eigen mobiltelefon. Barneombodet reagerer kraftig på kjøpepresset og krev tiltak frå Regjeringa.

Forskarar frå Bangladesh har i samarbeid med fagmiljøet ved Institutt for kjemisk prosessteknologi utvikla teknologi som kan laga papir av jute, ei plante som tradisjonelt har blitt brukt som råstoff i tekstilindustrien. Jutepapiret, som mellom anna skal gå inn i avisproduksjon og brukast til skrivepapir, kan redda Bangladesh frå papir- og økokrise. Bangladesh har 130 millionar innbyggjarar på eit areal som er éin tredjedel av Norge

Forbod mot nedhogging
Bangladesh har stor analfabetisme, og papir er mangelvare.

- For å koma opp i levestandard, må undervisingssystemet byggjast ut; papir er då sentralt, fortel kjemiprofessor Torbjørn Helle, som har koordinert forskingsarbeidet.

- I tillegg vil det frå 2001 bli forbod mot å hogga den truga mangroveskogen av treslaget Gewa. Bangladesh har difor ikkje lang tid på å framstilla papir som kan erstatta det trebaserte papiret. Det er ikkje berre mangelen på papir som kan bli mindre med det nye jutepapiret. Også inntektsgrunnlaget til bøndene i Bangladesh kan bli redda. Jute, som i Norge er mest kjent for dei slitesterke potetsekkane, var tidlegare Bangladesh si viktigaste eksportvare. Dei siste tiåra har plastikk teke over, og etterspurnaden etter planta har gått drastisk ned. Dette har fått alvorlege økonomiske og økologiske følgjer for alle bøndene som brukar jute i vekselbruket sitt.

- Bøndene må dyrka jute for å unngå erosjon, og fordi planta tilfører viktige næringsstoff til jorda i vekselbruk med ris og andre matvekster, seier Helle.

Lovande


Forskarane Dr. Mizanur Rahman og Md. Nurul Amin frå Bangladesh (bildet) har i sommar arbeidd på spreng med å framstilla papir av planta jute. Framstillingsprosessen er miljøvenleg og skapt for enkelt og billeg utstyr.

- Resultatet er svært lovande, seier Torbjørn Helle.

- Det vil krevja meir arbeid og økonomiske ressursar for å bruka teknologien i storskalaproduksjon, men ein har kome langt på veg mot kommersiell produksjon. NORAD har finansiert prosjektet ved NTNU. Søknad om vidareføring av prosjektet med No-støtte vil blir sendt av styresmaktene i Bangladesh over det såkalla «land-programmet».

Avispapir av jute
Dr. Ahmad Ismail Mustafa, kjemiprofessor ved Universitetet i Dhaka, og M.A. Samad, direktør i det statlege selskapet for kjemisk industri, har kome frå Bangladesh for å sjå på jutepapiret. Dei er særs takksame for NORAD-støtta og for lån av NTNU-utstyr, utstyr dei sjølv ikkje har i Bangladesh.

- Etter å ha mista jutemarknaden vil det nye jutepapiret bety mykje for Bangladesh, både for bøndene, naturen og for styresmaktene som blir kvitt eit stort problem, seier Mustafa og fortel at Regjeringa har vist stor interesse for jutepapir-prosjektet.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)