NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 
Legestudentar kjempar mot AIDS-spreiing
 
Marte Jürgensen, aksjonsleiar for medisinstudentane sin humanitæraksjon HUG, og resten av medisinstudentane håpar å få inn 2 millionar kroner i kampen mot spreiing av AIDS i Søraust-Asia. fff
f  

I denne veka veltar norske medisinstudentar ut frå lesesalane med bøsser i hendene. 2500 framtidige legar samlar inn pengar til HIV/AIDS-førebygging i Søraust-Asia.

Denne veka (veke 36) blir medisinstudentane sin landsdekkande humanitæraksjon Helse Utan Grener (HUG) arrangert for femte gong. Studentane si ambisiøse målsetjing er å «Få AIDS av kartet». Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Thailand, landet som har blitt stempla som horekundane sitt paradis. Kirkens Nødhjelp lærer opp nøkkelpersonar i ulike risikogrupper. I staden for at hjelpeorganisasjonen går ut og informerer, lærer dei opp prostituerte, homofile, ungdomar og andre som har kontakt med dei mest utsette miljøa, til å opplysa dei andre om faren ved å ha ubeskytta sex.

Seks millionar smitta
- Erfaring viser at lokale medarbeidarar har større gjennomslagskraft enn kvite hjelpearbeidarar, fortel Marte Jürgensen, aksjonsleiar i Trondheim. Den engasjerte medisinstudenten fortel at Kirkens Nødhjelp sitt arbeid har vore med på å stogga den eksplosive auken i talet på nye HIV-smitta i Thailand.

- I Thailand sine naboland Kambodsja, Vietnam, Burma og Laos aukar derimot sjukdomen hurtig. Inntektene frå HUG-aksjonen vil også gå med til å møta AIDS-trusselen meir effektivt i desse landa ved å gå inn i grenseområdet til Thailand med førebyggjande arbeid, seier Jürgensen. Nest etter Afrika er Søraust-Asia det området som er hardast råka av seksuelt overførbare sjukdomar - med sine seks millionar HIV-smitta.

Bamsesjukehus
Medisinstudentane er allereie i full gang med aksjonen: Førre laurdag stilte dei komande legane opp på Nordre med eige mannskor og bamsesjukehus for barn med syke bamsar og dokker. Rapportane seier at med mange dyktige og effektive doktorar i staben slapp pasientane å liggja på korridoren. Seinare på kvelden arrangerte HUG debattmøte «Sex - eit samfunnsansvar» og konsert med mellom anna Lars Martin Myhre og Arild Nyqvist.

I tillegg til innsamlinga og informasjonsarbeidet, er underhaldning ein viktig del av HUG. Når studentane stiller opp på NTNU-campusane torsdag og i Midtbyen på laurdag, vil dei ta i bruk uvanlege metodar for å få Trondheim-borgarane til å gje pengar.

- Det berre er studentane sin eigen kreativitet som set grenser: På Stripa kan du til dømes risikera å møta medisinstudentar liggjande i sjukehusseng og som inviterer deg opp i til ei diktopplesing, smiler Jürgensen.

Du kan gje pengar på innsamlingskonto 110 - også ei god stund etter aksjonsveka er ferdig.


NORALV PEDERSEN
KENNETH AAR (FOTO)