NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Slaget om Hysnes

Bygda som ikkje vil døy 

Kva gjer folket i Hasselvika når dei står i fare for å mista 80 prosent av arbeidsplassane i bygda? Dei flyg til hovudstaden for å gje stortingspolitikarar og skrivebordsbyråkratar ein grundig leksjon i distriktspolitikk. 
 
- Tolv år med omorganisering og uvisse tærer på folk, seier kommandørkaptein Gunnar Gundersen (tv.) og orlogskaptein Tor Elvebakken.
Foto: Erik Prytz Reitan
 
Det samlar seg uversskyer i augo til kommandørkaptein Gunnar Gundersen: 

- Blir Forsvaret på Hysnes fort lagt ned, vil det få katastrofale følgjer for Hasselvika. I tillegg til jordbruket og Fosen mekaniske verkstad er Forsvaret det tredje beinet Rissa kommune støttar seg på. Viss det tredje beinet blir saga av, vil bygda i verste fall mista både skule og kjøpmann. 

Han sit på kontoret sitt saman orlogskaptein Tor Elvebakken. Elvebakken er hovudtillitsvald i Befalets Fellesorganisasjon, har hovudansvaret for personellet på Hysnes og er Gundersen si høgre hand: 

- Me har vore gjennom fire rundar med omorganisering og tre stortingsmeldingar sidan nedskjeringsprosessen starta i 1986. Sidan den gong er talet på tilsette meir enn halvert. No vil altså Forsvarsdepartementet leggja ned øvingsavdelinga på Hysnes som blei oppretta i 1993. Over 50 menn og kvinner står i fare for å mista jobben. Det er mykje i ei bygd på 400 menneske. 

Elvebakken har saman med kona slege seg til ro i Hasselvika etter eit langt og omflakkande liv i grøne klede. Han håpar på ei avklaring frå politikarane på Stortinget no: 

- Dei siste tolv åra har me levd i uvissa og gått frå slag til slag med omorganisering. Det tærer på folk. 

Sareptas krukke

Over hovudet på Gundersen heng tre biletrader med stramme kommandørkapteinar som dei siste hundre åra har styrt Hysnes. Festninga vart bygd i tidsperioden 1895-1900 for å sikra innløpet av Trondheimsfjorden. Kongen og dronninga heng også på tapeten. Dei smiler. Det gjer ikkje Tor Helge Skarstad, hovudtillitsvald i Norges offisersforbund. Han er også formann i Hasselvika idrettslag og veit at befala sitt engasjement i lag og organisasjonar er viktig i ein liten forsvarskommune. 

- Hasselvika blir ei jordbruksbygd med gamle gubbar på berga, hevdar han. Det siste tiåret har folketalet i Hasselvika blitt redusert med over hundre personar. Folk flyttar frå distrikta til kommunesenteret Rissa før dei eventuelt stryk avgarde til dei større byane. 

- Det er håplaust å få ungdomen til å flytta heim. Ein skulle tru det var leveleg her - såpass nært Rissa sentrum og Trondheim. Men utan industri og arbeidsplassar kjem dei ikkje. Ei nedleggjing av Hysnes gjer ikkje akkurat framtidsutsiktene lysare. 

Det har aldri vore nedgangstider i Forsvaret. 

- Skattepengane har runne inn i kommunekassa i hundre år. Forsvaret har vore ei Sareptas krukke for kommunen, ei inntektskjelde som aldri har gått tom, seier orlogskaptein Tor Elvebakken. 

Forsvarsenkene

Hysnes ligg på den eine sida av riksveg 718 gjennom Hasselvika sentrum. På den andre ligg den einaste butikken i bygda, «Sannan J. A.». I dag er tre «forsvarsenker» på handel. Dei kjem frå Hysnes-kantina der dei har ete førmiddagsmat med ektemennene. Alle er utstyrt med små månemenn og -kvinner i armane ? Hilde Lindvik med Martine (5 mnd.), Bente Karlsen med Kenneth (9 mnd.) og Lise Falch med Petter (1,5 år). Vesle Oda (2 mnd.) søv i vogna. Dei er vane med å bryta opp. To år i Bodø, kanskje to år i Hasselvika. Slik er det å vera inngift i Forsvaret. På butikken blir det mykje snakk om Hysnes-saka. 

- Det blir veldig trist, det heile, seier Lise Falch. Ho er sjukepleiar og har fått seg god jobb i Rissa. Kommunen har stor mangel på sjukepleiarar og hjelpepleiarar og vil gjerne Lise Flach skal bli. 

- Det er så roleg og trygt her i Hasselvika - både for oss og borna. Folka her er veldig inkluderande, seier Bente Karlsen og fortel om alle leikeplassane og dei hyggjelege naboane i Hyllskaret burettslag. Butikkekspeditøren Hildegard Sannan kjem bort. Ho flytta frå Oslo til Hasselvika for to år sidan saman med mannen for å ta over butikken som svigerfaren hadde starta opp. 

- Eg var så dum å gifta meg hit, ler Sannan. Ho meiner det blir opp til folket i Hasselvika om dei framleis vil ha butikk i bygda. I dag køyrer dei fleste til Rissa for å handla. Lise Falch gjer ikkje det: 

- Utan butikk - ikkje noko sentrum - ikkje noko Hasselvika. 

Optimist til tåspissane

Han ruvar bak brøddisken i bakeriutsalet sitt, Roald Selven. Han er tredje generasjons bakar Selven. Det har gått 70 år sidan bestefaren Mauritzius Selven elta den fyrste brøddeigen i bakeriet. Sidan tok sonen Isak over, og no er det altså Roald sin tur. 

- Det er nok å gjera, seier Selven som kvar dag leverer 50-60 brød til kantina på Hysnes. 

- Leveringa til Hysnes utgjer mykje av dagsomsetjinga her. Me sel ikkje mykje storbrød lenger. Til det er handelslekasjen til Rema og Rimi i Rissa blitt for stor.

Ei kvinne kjem inn i bakeriutsalet og spør etter rosinbollar. 

- Folk kjem hit for å få konditorvarer. Blautkake. Ja, folk et forferdeleg mykje blautkake, smiler han i skjegget som ikkje har vore trimma på ei stund. 

- Ja, folk ringjer frå heile Fosen og skal ha kaker til konfirmasjon og bryllaup, skrattar mor Ingrid der ho kjem svinsande ut frå bakeriet. For berre eit par år sidan var det to andre bakeri på Fosen. Dei er ikkje meir. 

- Den eines død; den andres brød, humrar Roald Selven. Men bak låtten ligg uroa kring nedleggjinga: 

- Bygda vil dø då. 

- Me får no sjå, repliserer mor Ingrid: 

- Me må ikkje mista motet. Ein må vera optimist til tåspissane, ler ho og ynskjer oss god tur til Prærien. 

Bonden på Prærien

Stram eim av gylle. Slik luktar Prærien ein aprildag. For når bøndene i Sørvika tek til med våronna, kjem sjølvaste Karl Lagerfeld til kort. I ein raud Massey Fergusson kjem Lars Kristian Brevik dundrande bortover grusvegen med full gyllevogn som skal spreiast på dei flate bøane. 

- Møklukta heng heldigvis ikkje på papir, ler Brevik 

Brevik er éin av dei sju karane bak Forum Hasselvika som er eit forum for bygdeutvikling i Hasselvika. Grendalaget fungerer dessutan som styringsgruppe for kommunen si satsing på Lokal Agenda 21. Det driftige grendalaget har alltid eit prosjekt på gang - anten det er restaurering av båtbyggjarverkstad, forskjønning av sentrum eller kalking av fiskevatn. Forum Hasselvika kjøpte også det dugnadsbygde samvirkelaget som vart lagt ned for nokre år sidan, og gav det vidare til sanitetsforeininga som har gjort det om til eldresenter. Men det var Hysnes-saka som vekka engasjementet i 1997. 

- Det er klart me er livredde for nedleggjing. Hysnes har vore her i 100 år. Forsvinn Hysnes, forsvinn fire av fem arbeidsplassar i Hasselvika. 

Med nedlegginga kjem forgubbinga, meiner Brevik og peikar mot eit flott byggjefelt. 15 år etter det vart lagt ut tomter, er det bygd to hus. 

- Viss dei må flytta og selja no, får dei ingenting att, seier bonden som tykkjer han har gjort det han kan. 

- No er det politikarane i Oslo det står på. 

Oslo-fararen

Det er ni smale kilometer veg frå Hasselvika til kommunesenteret Rissa. Der sit ordførar Per Kr. Skjærvik og skriv på ein tale. Eitt år etter han fekk klubba i handa, tykkjer han at han har fått dreisen på setningane. Han snakkar ikkje i skodda, den tidlegare postmannen i Stadsbygd. Rappkjefta, klar og omstridd lyder omkvedet om han. I Hysnes-saka derimot står opinionen samla i sin rosande omtale av ordføraren. 

- Dæven! Har reist mykje til Oslo, ja. Det siste året har eg arbeidd døgnet rundt, men det har vore artig sidan me har hatt botnsolide argument. Skjærvik blar i presentasjonsmappa om Hysnes, som han har brukt for å overtyda politikarane i hovudstaden. Ordføraren har tona ned distriktsargumenta undervegs. 

- Politikarane på Stortinget ser ikkje på Rissa som distriktskommune samanlikna med Nord-Norge. 

Så set Skjærvik i gang på energisk ordførarvis: 

- Med både bensinlager og minelager er Trøndelag eit strategisk viktig mål for eit eventuelt terroråtak. Dette må sikrast. Sidan politiet ikkje har ressursar, hæren i Midt-Norge er nedlagt og ei heimevernsmobilisering er for drastisk, er framleis drift på Hysnes det einaste alternativet. 

Så trekkjer ordføraren fram det siste esset frå det grøne skjorteermet: 

- Forsvaret har nyss investert 80 millionar kroner i ein avmagnetiseringsstasjon som er det einaste i sitt slag i landet. Her blir skipsskroga avmagnetisert slik at dei ikkje skal utløysa elektroniske miner. Dessutan er alle bygga på Hysnes ? utanom eitt ? renovert etter 1995. Forsvaret disponerer 2000 mål som øvingsområde og har eit godt forhold til gunneigarane. Skjærvik gløder og ramsar opp: Skytebane, kantine, datarom, symjehall, kino, gymhall med vektrom og idrettsbane: 

- Alt er lagt til rette for Forsvaret her. 

Les også: Tek 18.000 arbeidsplassar for gitt