NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
På nett døgnet rundt

I den 12 kvadratmeter store stova Steinan har Magni Onsøien (23) tre datamaskiner.


Magni Ønsøien trivst heime hjå PCane sine. Foto: Erik Prytz Reitan

- Data er ein del av livsstilen min, seier informatikkstudenten frå Lade, som er på nett 15 timar i døgnet. Står eg opp om natta, sjekkar eg e-posten min. 

Onsøien tykkjer datatilbodet på Steinan er flott. Internettoppkoplinga var den den einaste grunnen til at ho flytta dit. Ho kjøpte, som mange andre på Steinan, maskin etter at ho flytta til studentbyen. 
- Det er ein stor fordel å arbeida heime slik eg kan no. Eg kan enkelt henta fagleg informasjon som øvingsoppgåver, løysingsforslag og diverse manualar. Eg har dessutan litt e-postkontakt med faglærarane mine. 

Onsøien tek til på hovudfag til hausten. Vegleiaren hennar er vekkreist på forskingspermisjon, men det vil ikkje by på problem: 
- Det er veldig greitt å senda ein e-post til vegleiar. Han kan svara når han har tid. 

- Kva tykkjer du om at det er so få jenter på studentbyen?

- Eg merkar ikkje so mykje til det. Eg er van med å ha gutevener frå miljøet i Programvareverkstaden og Nettverksgruppa. 

- Du er ikkje redd for å bli isolert bak ein skjerm på Steinan? 

- Nei, eg har møtt fleire vener på nettet, som eg også møter i verkelegheita. 

Les også: Bruker millioner på data
Les også: Bruker nettet til fag