NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
- Eg kan bli best i verda 

- Ja, eg kjenner meg att, seier Guri Knotten, landslagsløpar i langrenn, då ho ser resultata frå Kathrine Bjørgan si hovudoppgåve. Knotten har vore på landslaget i mange år samstundes som ho har studert ved tidlegare NTH og no ved Trondheim Økonomiske Høgskule (TØH).

- Kvifor skårar toppidrettskvinner so høgt på sosiale eigenskapar? 
- Sjølv om me driv ein individuell idrett, er me avhengige av eit lag rundt oss, som me kan henta hjelp frå. Det er få skiløparar som klarar å bli best heilt på eiga hand. 

Akseptert 

Knotten, som sjølv var med på undersøkinga, meiner den tida er forbi då kvinner ikkje skulle driva toppidrett: 
- Eg har drive toppidrett på heile 90-talet, men har aldri opplevd stereotypisering. Det verkar som samfunnet har akseptert kvinnelege eliteutøvarar - iallefall i langrenn. 

- Me er jo trass alt sære på ein del område. Eg forventar ikkje at folk skal forstå kvifor eg prioriterer ei hard intervalløkt ein tidleg søndags morgon istaden for å ta meg ein laurdagstur på byen. 

- Kva er det som driv deg? 

- Gleda av å vera ute i naturen og fascinasjonen av å sjå kva kroppen min kan prestera. Eg trur eg kan bli verdas beste skiløpar sjølv om det ikkje ser slik ut akkurat no, smiler Guri Knotten og fortel om 40. plassen på WC-tremila i Kollen for to dagar sidan. 

- Slik stoda er no, er eg villig til å satsa i nokre år til, men sjølvsagt er eg avhengig av resultat. 

Utdanninga i andre rekkje 

I store delar av året trenar Knotten to totimarsøkter kvar dag. I tillegg kjem treningsplanleggjing og stort behov for søvn. Studiane ved TØH blir gjennomført etter skippertakmetoden. 
- Utdanninga kjem i andre rekkje. No er det viktigaste å prestera gode resultat på ski. 

- Saknar du ikkje det sosiale miljøet ved faget? 

- Jau, det einaste som eg tykkjer eg forsakar som landslagsløpar, er nettopp den daglege kontakten med vener på skulen. Elles kjenner eg meg privilegert. Tenk at eg ein solskinnsdag i februar med blått Swix-føre kan ta meg ein lang skitur medan dei andre i klassen må vera på lesesalen. Då kan ingen ha det betre.
     

TEKST: NORALV PEDERSEN
Les også: Ekstremt feminin - og maskulin
Les også: Metoden og resultata frå undersøkinga