NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør

Teknisk ansvarlig:
Erik Prytz Reitan

 
Den milde mannen
frå Timor Lorosae

Antero Benedito da Silva (bildet) har varda vegen til fridom for folket på Aust-Timor: Etter 23 år i terror kjempar studentleiaren mot vald med venskap.

Fredag 12. mars, kl. 20.04:

- Please, come to stage again, mister da Silva, ropar konferansieren. Publikum står i kvadrantane. Publikum står i manesjen. Klappsalvar av sympati og beundring rungar i Storsalen på Studentersamfundet. Antero Benedito da Silva går opp på scena for andre gong. Roleg. Han snur seg mot ovasjonane og smiler. Forsiktig. Han bukkar ikkje - berre står der. Beint opp og ned og smiler. Varmt. 

Antero Benedito da Silva er den fyrste stemma. Den fyrste vinnaren av Studentenes fredspris. Den fyrste leiaren i ETSSC (East Timor Student Solidary Concil). Han løfta studentane sin kamp for eit sjølvstendig Aust-Timor opp frå gatene i Dili og inn i forhandlingslokala i FN. Antero Benedito da Silva er den fyrste stemma. Den fyrste studentstemma frå Timor Lorosae. 

Studentane på Aust-Timor kallar ikkje heimlandet sitt Timor Timur slik indonesarane gjer, ikkje Timor Leste slik geriljaen gjer. Dei omtalar det for Timor Lorosae: Timor der sola står opp. Studentane på Aust-Timor ser eit håp; etter 23 år under indonesisk okkupasjon erstattar dei no vald med venskap. 

Studentane har alltid gått fremst i dei fredelege demonstrasjonstoga og har blant folket blitt djupt respektert for det. Berre veker etter at president Suharto i fjor sommar måtte gje frå seg styringa i Indonesia gjennomførte studentane opne møte med befolkninga over heile Aust-Timor. På desse møta kunne austtimoresarar for fyrste gong på 23 år snakka om redsla, om mishandlinga og om terroren, men også om håpet om ei betre framtid. Studentane spelar ei aktiv rolle ikkje berre på lokalt nivå, men også i fredsprosessen på internasjonalt nivå og har hatt møte med utsendingar frå FN og EU. 

I kjølvatnet av resultata ligg lika - i tusental. Eitt av dei var den 25-årige studenten Bendito Bernado Pires. Søndag 14. februar 1999 blei hovudet hans gjennombora kuler. Drapet på Bendito Bernado Pires er slett ikkje fyrste gongen det indonesiske spesialpolitiet skyt mot fredeleg demonstrerande studentar. Det same skjedde den 12. november 1991 då fleire tusen austtimoresarar følgde ein ung student til grava. Han vart drepen av indonesiske militærstyrkar. Den fredelege gravferda vart forvandla til eit blodbad då soldatar utan åtvaring opna eld mot gravfølgjet. Over 260 menneske blei meia ned. 

Denne massakren, som har fått namnet etter kyrkjegarden Santa Cruz, markerte eit vendepunkt for fridomskampen på Aust-Timor. To britiske fotografar og to amerikanske journalistar var på kyrkjegarden då det skjedde og greidde å smugla ut tragedia dei hadde festa på film. Etter 16 år med lidingar fekk endeleg politikarar og media i Vesten opp augo. Korleis kunne det i 16 år rasa ein blodig krig utan at verda viste interesse? 

Antero Benedito da Silva vil ikkje leggja skulda på nokon: - Det gagnar ingen å krangla om fortida; me må fokusera på korleis me kan skapa ei trygg framtid på Timor Lorosae. Studentane har alltid hatt som mål å skapa fred og forsoning. Dette målet er nærare enn nokon gong. 

Laurdag 6. mars, kl. 20.20:

Menneskerettigheitsminister Hilde Frafjord Johnsen kjem ramlande ned trappa til biblioteket på Studentersamfundet. Skjerfet flagrar rundt halsen. Ho stryk håret bak øyra før ho strekkjer fram handa og helsar. Antero Benedito da Silva reiser seg roleg frå stolen. Om 40 minuttar skal Frafjord Johnsen opna den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, men før det har ministaren sett av ein halvtime til samtale med da Silva. 

- Timor Lorosae er i fritt fall no, forklarar da Silva. - Indonesia har sleppt taket. Etter 23 år med terrorvelde trekkjer det indonesiske militæret seg ut. Eg fryktar at situasjonen skal koma ut av kontroll. 

- Ja, det er den sikraste resepten for borgarkrig, seier Frafjord Johnsen. Ho kjenner godt til den blodige soga til den tidlegare portugisiske koloniøya. Ho veit om dei lange åra med terror og er uroa over den spente situasjonen. 

Indonesia har for fyrste gong sidan invasjonen i 1975 gjeve signal om at Aust-Timor kan bli sjølvstendig. Men samstundes utstyrer det indonesiske militæret fattige austtimoresiske bønder med våpen og betalar dei for å kjempa mot sitt eige folk. Det vert snakka om at over 1200 personar er rekrutterte til paramilitære avdelingar. Desse styrkane har spreidd ei bølgje av frykt dei siste månadane. Mange skuldlause austtimoresarar er blitt drepne, og tusenvis av flyktningar har rømt frå dei utsette områda på landsbygda og inn til hovudstaden Dili. 

- Viss Indonesia trekkjer seg ut og tek med seg våpna, blir det ikkje borgarkrig på Timor Lorosae, sier Antero Benedito da Silva. Han sler fast at Indonesia har ansvaret for den siste valdelege utviklinga, og at Indonesia også vil ha ansvaret for ein eventuell borgarkrig på Aust-Timor. Hilde Frafjord Johnsen er samd: 

- Det er viktig å leggja eit internasjonalt press på Indonesia no før ting kjem ut av kontroll. Norge meiner at ein fredsstyrke i regi av FN vil kunne bidra til å stabilisera situasjonen på Aust-Timor i overgangsperioden til sjølvstyre. Og sidan USA støttar dette forslaget, treng det ikkje ta so lang tid, seier Frafjord Johnsen og viser til den amerikanske utanriksministaren Madeleine Albright - som i sitt møte med sin indonesiske kollega føreslo at ein fredsbevarande FN-styrke kunne utplasserast på den tidlegare portugisiske koloniøya. 

Det blir eit varmt møte - Frafjord Johnsen framoverbøygd og spørjande, studentleiaren lyttande og forklarande. Dei er midt inne i drøftingar om korleis den vanskelege overgangfasen til sjølvstende skal gjennomførast då følgjesveinen kjem for å henta Johnsen. Ho vil nødig gå. 

- Det har vore ein glede å møta deg, Mr. da Silva. Du skal vita at Norge støttar fridomskampen det austtimorske folket kjempar. 

Tysdag 9. mars, kl. 17.35:

- Å leia studentane på Timor Lorosae er som å balansera eit glas med vatn i den eine handa og eit rått egg i den andre. 

Da Silva drikk solbærte med fire skeier sukker i. 

- Somme er utolmodige og vil bruka aggressive aksjonsmiddel. Samstundes er det stadig fleire som ser at 23 år med geriljakrigføring ikkje har ført fram og som støttar ETSSC si ikkje-valdelege og forsonande linje. Studentane køyrer i store bilkonvoiar ut på landsbygda for å mobilisera innbyggjarane politisk. Innbyggjarane i landsbyane feirar dialoggruppene som om det skulle vore frigjeringa. 

- Å snakka ope ut om politiske og mennesklege tilhøve har ein tidlegare ikkje kunne gjort på Timor Lorosae. Etter møta samlar alle seg på stranda der dei brenn bål og dansar - for fyrste gong på mange år. Folk har fått trua på fridomen tilbake. 

Det indonesiske militæret torer ikkje lenger å stogga konvoiane med studentar lenger fordi dialoggruppene har fått mykje offentleg merksemd utanfor Aust-Timor. Ein viktig årsak til den breie støtten ETSSC har fått, er den aktive studentkvinnegruppa. Timor Lorosae Young Woman Group har spesielt teke seg av valdtekne kvinner. 

- Det er viktig at kvinnene har ein stad der dei får uttrykka smerte og redsle. Mange kvinner har aldri snakka ope om overgrepa. Dei kjenner seg mindreverdige og unyttige; dei er redde for sosial utstøyting. Bodskapen vår er at dei ikkje må fortrengja traumane. Dei må bearbeidast slik at ein kan læra seg å leva med det vonde. 

Tysdag 9. mars, kl. 21.45:

Bergens Tidende ligg oppslått med ein artikkel frå Aust-Timor. Det er mellom anna eit bilete av den døde Bendito Bernado Pires. Da Silva tek opp avisa og betraktar bilete lenge. 

- Eg har sett dette sidan barndomen. Menn som har fått skore av øyra og blitt tvinga til å eta det; vener herja etter tortur. Eg er på ein måte blitt van med døden og valden. 

Da Silva var 7 år under invasjonen: 

- Då eg gjekk i barnehagen i 1974,eitt år før indonesarane kom, hadde eg mange gode vener. Seinare forsto eg at fleire av dei hadde døydd av svolt og krig. 

Som 9-åring måtte da Silva og familien flykta opp i fjella for å sleppa unna dei indonesiske okkupasjonsstyrkane. I mange månadar budde da Silva, tre små sysken, far, mor og ei gamal bestemor under ein fjellhammar. Mora mista livet i fjella då ho skulle føda. Barnet døydde og. 

- Kvar dag bomba dei. Kvar dag. Eg høyrde små redde barn skrika under store steinblokker, steinblokker som hadde rasa ut på grunn av dei intense bombetoktene. Bekkane var raude av blod frå uskuldige kvinner og menn, unge og eldre. 

Familien kom heim kring juletider 1978. Landsbyen var brent. 

- Alt var borte. 

For far til da Silva byrja ni år med psykisk terror: 

- Far døydde av alle politiavhøyra og alle truslane. 

Pause. 

- Det er ikkje so lett å forklara kva ein slik oppvekst gjer med ein liten gut, seier da Silva. Stille. 

Fredag 12. mars kl. 07.50:

Verden i dag, NRK P2: «Folket på Øst-Timor får sin folkeavstemming». Gunnar Myklebust si stemme siv ut or radioen. Antero Benedito da Silva sit og skriv på talen til seremonien i kveld. Han blir fortalt kva den portugisiske og indonesiske utanriksministaren har blitt samde om i FN. Austtimoresarane skal sjølv få bestemma om Aust-Timor skal få sjølvstende. Eit smil av lukke og lette. Det kan høyrast eit lågt, intenst «Yes!» 

- Det er likevel ein lang veg å gå, seier da Silva alvorleg. - Studentane må framleis arbeida hardt for forsoning og demokrati. Me skal gjera kva me kan for å byggja opp att nasjonen på ein slik måte at alle austtimoresarar kan ta del i prosessen. 

Da Silva er ikkje redd for kva som ventar han. 

- Eg har ikkje gjort nokon noko vondt, so kvifor skulle eg vera redd. Det einaste eg gjer er å kjempa for fridom. 
 

TEKST: NORALV PEDERSEN
 Les også: Fredsforhandlingar på Brygga