| Eksamen på eiga målform!
I nr. 3-99 av Universitetsavisa tek Svein Sigmond og Jostein
Grepstad til orde for nekta studentane retten til få eksamen
på den målforma dei ynskjer. For oss i Studentmållaget
i Nidaros verkar det som om dei ikkje er i stand til tenkja utover
det som er mest praktisk for dei sjølve. Det vert hevda at
ein del faglærarar ikkje meistrar nynorsk, og slik sett kan
ein skjøna det klagekoret som no kjem. Men dette meiner vi
er ansvarsfråskriving: Som tilsette ved statsinstitusjonen
NTNU har dei plikt til fylgja gjeldande forskrifter. I «Forskrifter
om målform i eksamensoppgåver» står det i ß2
tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på
begge målformer, og at eksamenskandidatane etter eige ynskje
kan få oppgåvene anten på bokmål eller på
nynorsk.
Når den eine professoren etter den andre går i mot
oppfylla studentane sin rett til eksamen på ynskt målform
med den grunngjevinga at dei ikkje har nok kunnskap og tid, ja då
er det noko som skurrar. Det tek slett ikkje lang tid setja om ein
eksamenstekst frå bokmål til nynorsk, og dersom det
verkeleg er kunnskap det skortar på, kva med gjera ein
innsats for retta på dette? Eit godt tips i denne
samanhengen: Studentmållaget i Nidaros skipar til gode
norskkurs ein gong i semesteret.
Det er ikkje tale om kva som er snøggast og lettast, men
kva som er rettast: Nynorsk og bokmål er to offisielt
jamstilte språk i Noreg, og som ein statleg
kunnskapsformidlar har NTNU plikt til etterleva denne
jamstillinga. Å nekta studentane eksamsoppgåver på
den målforma dei ynskjer er undertrykkjande, og slett ikkje
verdig NTNU; kunnskapens høgborg.
Håvard Moe
Skrivar i SMIN |