|
Kronikk

Noralv Pedersen
er NTNU-student,
skribent og styremedlem
i Stiftelsen ISFiT.
Da Silva var på vitjing i Trondheim
i fjor.
Laurdag 18. mars kjem uavhengigheitsleiar Xanana Gusamo, nobelprisvinner
José Ramos-Horta og vinnar av Studentenes fredspris 1999
Antero Benedito da Silva til Trondheim. NTNU har eit unikt høve
til å hjelpa eit land som må venta i mange år
for å få utdanna ein einaste planleggjar, lege og
ingeniør, skriv Noralv Pedersen.
NTNU og Aust-Timor
For Aust-Timor har 1999 vore eit dramatisk år, som kjem
til å bli ståande som skilsetjande i historia. Frigjeringskampen
har endeleg nådd målet sitt: Dei indonesiske undertrykkjarane
er ute, og landet er fritt, om enn under administrasjon av FN
og Verdsbanken inntil vidare. Men prisen var skyhøg, ei
nesten total øydelegging av landet og nye store massakrar.
I skrivande stund er det uråd å vita kor store tapa
har vore. Det er framleis kritisk for 150 000 flyktningar i grenseområdet
mellom Vest- og Aust-Timor. Dei er i praksis gislar for restane
av dei pro-indonesiske militsgjengane, som no har tapt alt politisk,
men som framleis har makt over desse flyktningane og bruker denne
makta for alt ho er verd.
«Motstandsrørsla si felles «fiende»
er borte.»
På sjølve Aust-Timor har det vore gnissingar mellom
FN og motstandsrørsla CNRT, som ser ut til å botna
i at det er uavklart kva rolle den sistnemnde organisasjonen skal
ha i gjennomoppbygginga; det finst enno ikkje austtimoresiske
politiske organ som FN og andre kan forholda seg til. Inntil slike
organ blir etablert, representerer CNRT folket. På Aust-Timor
blir det å utvikle ein demokratisk kultur og eit politisk
system som fungerer, ein vanskeleg prosess. Indre motsetnader
finst innan motstandsrørsla, og desse vil gje seg uttrykk
på ein eller annan måte når trykket frå
indonesarane, deira felles «fiende», er borte.
Asia sin Mandela
Uavhengigheitsleiar Xanana Gusmao, som har blitt ein Mandela-figur
for austtimoresarane, har heile tida hatt støtte frå
både motstandsrørsla (CNRT), geriljaen (Fretelin/Falentil),
kyrkja og eksilpolitikarar som nobelprisvinnar José Ramos-Horta.
Den karismatiske leiaren formanar til forsoning. Til austtimoresarane
som blei tvangsrekruttert inn i militsen, seier han: Kom heim
og be om tilgjeving. Han meiner at indonesarane som er att på
Aust-Timor også må bli akseptert, men forsoning blir
inga lett oppgåve, noko som kom klart til uttrykk då
den indonesiske presidenten Abdurrahman Wahid vitja øya
på skotårsdagen for å be det austtimorske folket
om orsaking. Portugisiske FN-soldatar måtte skyta to gonger
i lufta for å roa den opphissa folkemengda.
Etter 24 år med massakrar, arrestasjonar, avhøyr,
ransakingar, forsvinningar, tortur, valdtekt og mishandling er
austtimoresarar skeptiske til både dei angrande militsmedlemmane
og indonesarane. 200 000 austtimoresarar, ein tredel av den opphavelege
folkesetnaden på øya, er blitt drepne sidan indonesarane
invaderte den tidlegare portugisiske kolonien i 1975, ein invasjon
som i løynd var godkjent av Australia og USA. Dei frykta
sovjetisering etter at det sosialistdominerte Fretilin-partiet
blei sitjande med makta på Aust-Timor.
I dei 24 år som gjekk frå den indonesiske okkupasjonen
til folkerøystinga i fjor der eit stort fleirtal sa ja
til sjølvstyre, kjempa austtimoresarane fridomskampen åleine.
Den 12. november 1991 følgde fleire tusen austtimoresarar
ein ung student til grava. Han vart drepen av indonesiske militærstyrkar.
Gravferda vart forvandla til eit blodbad då indonesiske
soldatar utan åtvaring opna eld mot gravfølgjet.
Over 200 menneske blei myrda.
Denne massakren, som har fått namn etter kyrkjegarden Santa
Cruz, markerte eit vendepunkt for fridomskampen på Aust-Timor.
To britiske fotografar og to amerikanske journalistar var på
kyrkjegarden då det skjedde og greidde å smugla ut
tragedia dei hadde festa på film. Etter 16 år med
lidingar fekk endeleg politikarar og media i Vesten opp augo.
Mange har i ettertid spurt korleis det i nesten to tiår
kunne rasa ein blodig krig utan at verda viste interesse.
Aust-Timor, år null
Dagen etter generalsekretæren i FN, Kofi Annan, laurdag
4. september 1999 kunngjorde valresultatet frå den historiske
folkerøystinga, braut helvetet laus. Valsigeren drukna
i blod. Militsen - med open støtte frå den indonesiske
hæren - sette i gang ein valdsorgie som kosta eit ukjent
tal menneske livet. Tre fjerdelar av folket blei drivne på
flukt - opp i fjella eller ut av landet. Dei fleste bygningane
blei brent til grunnen.
Folkerøystinga blei gjennomført etter avtale mellom
FN og Indonesia som blei samde om at Indonesia skulle ha ansvaret
for sikkerheita kring valet. I staden blei den indonesiske hæren
og politiet aktive deltakarar i terroren mot folket. Mange har
kritisert FN for at dei tilsynelatande ikkje forsto at avtalen
ville føra til katastrofe, men i staden evakuerte alle
sine medarbeidarar ut frå Aust-Timor 14. september i fjor:
Austtimoresarane vart på nytt svikta av verdssamfunnet der
dei sto att forsvarlause mot militsen og Indonesia sine terroraksjonar.
Aust-Timor ligg no i ruinar. Det store spørsmålet
er korleis ein kan byggja ein stat frå inkje i eit krigsherja
og øydelagt land. Denne krevjande oppgåva har ei
handfull timoresiske leiarar og høgtståande FN-funksjonærar
fått ansvaret for. Epidemiar og arbeidsløyse gjer
ikkje utfordringa mindre. I tida som har gått sidan FN rykka
inn i hovudstaden Dili og fekk kontroll over Aust-Timor i slutten
av september 1999, har det kome stadige meldingar om kor kontroversielt
hjelpeorganisasjonane har gått fram på i Dili og på
resten av øya. Til Dagbladet 16. november 1999 rettar Gusmao
kraftig kritikk mot FN og andre organisasjonar som i følgje
uavhengigheitsleiaren er i ferd med å ta over Aust-Timor:
«Vi opplever en invasjon av organisasjoner. De har bedt
om 200 millioner dollar til sine nødhjelpsprogrammer. Det
er helt utrolig. Jeg er ikke engang sikker på om vi får
mer enn 100 millioner av Verdensbanken. Jeg forventer at vi må
betale UNAMET halvparten av dette, og jeg regner med at kanskje
bare 20 millioner blir igjen til reell utvikling av Øst-Timor».
Kritisk til hjelpeorganisasjonar
Xanana Gusmao har også skulda FN og hjelpeorganisasjonane
for ikkje å ta CNRT med på råd. Dette kan skuldast
det tidlegare nemnde manglande politiske nivået på
Aust-Timor. Gusmao har no fått etablert eit mellombels råd
med representantar frå CNRT, geriljaen, kyrkja, studentar
og friviljuge. Offisielt har Gusmao moderert seg litt og seier
at samarbeidet med FN etterkvart har gått betre. Det store
spørsmålet blir likevel på kva måte det
austtimorske folket får ta del i gjennoppbyggjinga, eit
folk som sjølv gjennom 24 år har kjempa for eit fritt
Aust-Timor, men som no opplever at organisasjonsmedarbeidarar
inntek jobbar på øya som dei sjølve kunne
ha utført.
«NTNU kan bidra aktivt med effektiv bistand
til eit land i ruinar.»
Misnøya blant folket skal vera stor; verkeslause austtimoresarar
er frustrerte over ikkje å få ta del. Korleis skal
ein få roa ned dei unge arbeidslause, som ikkje eig noko,
og som ser dei nye FN-bilane køyre forbi- Korleis skal
ein hindra slagsmål mellom gjengar væpna med macheteknivar-
Svaret er eintydig: arbeid. Men inntil vidare kan ikkje Gusmao
nå fram med forklaringar ein gong. Fjernsynet verkar ikkje,
og det er langt mellom radioane. Kanskje blir det naudsynt å
å be om hjelp frå David Ximenes. Han er sjef for motstandsfronten
FPI, som klarte å verje titusenvis av flyktningar i fjella
i september i fjor. Før gjennoppbygginga har byrja å
ta form, og det vil enno ta fleire månadar, er det snakk
om å remobilisere FPI. For å sørgje for ro
og orden.
NTNU kan hjelpa
Det vil ta mange år før Aust-Timor kan utdanna ein
einaste planleggjar, lege og ingeniør som kan vera med
å byggja opp infrastruktur. Det einaste universitetet på
øya, i hovudstaden Dili, er øydelagt etter militsherjingane,
og alt av undervisningsmateriell manglar. Til «NRK Verden
på lørdag» i byrjinga av januar sa nobelprisvinnar
José Ramos-Horta at den beste måten Norge kunne følgja
opp gjenoppbyggjinga på Aust-Timor på var å
tilby studiestipend for unge austtimoresarar. Ramos-Horta har
ved fleire høve understreka at det er ikkje milliardbeløp
Aust-Timor treng no. Han er redd for at slik bistand kan føra
landet ut i det uføret mange u-land har hamna i, å
bli avhengig av økonomisk hjelp. Det Aust-Timor derimot
treng sårt, i følgje Ramos-Horta, er høgt
utdanna innafor eit breitt spekter av fagfelt, personar som kan
gå inn i nøkkelposisjonar i gjenoppbygginga. Denne
utfordringa nobelprisvinnaren gir til norske styresmakter og norsk
universitetsleiing, kan vera eit unikt høve for NTNU til
å bidra aktivt med effektiv bistand til eit land i ruinar.
Det austtimoresiske leiarskapet og studentrørsla kjenner
eit sterkt band til Trondheim på grunn av Studentenes fredspris
som studentleiar Antero Benedito da Silva frå Aust-Timor
mottok under ISFiT-99, og andre solidaritetsmarkeringar med Aust-Timor.
NTNU med sitt breie fagtilbod, tverrfaglege perspektiv og teknologiske
tyngdepunkt kan tilby kompetanse som Aust-Timor treng for å
byggja opp ein demokratisk stat med velfungerande infrastruktur.
|