NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet 
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes 

Teknisk ansvarlig: 
Erik Prytz Reitan

 
Målform og eksamensoppgåver
  
I Universitetsavisa 18. februar skriv både Svein Sigmond og Jostein K. Grepstad at det er vanskeleg å skriva på sidemålet. Difor vil dei gjerne fjerna regelen om at alle eksamensoppgåvene skal liggja føre på begge målformene.

Hovudmålet mitt er nynorsk. Eg har likevel aldri hatt problem med å laga parallelle eksamenoppgåver på bokmål. Det er modig gjort av Sigmond og Grepstad å stå fram i avisa med problema sine. Her som eg sit, har det vore ein viss praksis med at folk som ikkje føler seg støe i begge målformene (t.d. utlendingar og bokmålsbrukarar), har fått kollegaer til å kika over eksamensoppgåvene før dei vert leverte til eksamenskontoret. Denne uformelle ordninga har fungert so fint at me kan tilrå henne uavhengig av språkkompetanse: Det er utruleg kva sjølv den støaste språkmeisteren kan få seg til å skriva.

Sigmond har eit viktig poeng når han skriv at dei uteksaminerte «skal alle kunne fylle jobber hvor det er vesentlig at de fullt ut forstår henvendelser og saksdokumenter på begge målformer».

Me som lagar eksamensoppgåvene, må vel ikkje vera noko dårlegare enn dette, tvert imot bør me vel vera betre.

No skal me likevel ikkje gløyma at akkurat eksamenssituasjonen er spesielt stressande for studentane i forhold til andre situasjonar. Å få oppgåvene på si eiga målform kan fjerna ein del stress. Her på Lingvistisk institutt gjeng det historier om bokmålsbrukande forprøvestudentar som har vore fortvilte på eksamen fordi dei ikkje fann oppgåvene på bokmål. (Dei roa seg ned då faglæraren det semesteret gjekk «trøysterunde» og fortalde dei at denne gongen stod bokmålsoppgåvene på side 2.)

Sigmund Skogestad skriv i den same avisa om den same saka at det beste for studentane «er vel nemlig at eksamen gis på den målform som foreleser har benyttet i forelesningene, slik at det ikke blir usikkerhet om fagterminologi».

Eg trur ikkje det kan skada å ha oppgåvene på den andre målforma i tillegg, i tilfelle det finst studentar som føler seg meir heime der. Sjølv har eg aldri fått klage på at eg har laga oppåver på bokmål, men eg har fått klage på at eg har brukt ar-endingar på hankjønnsorda på tavla. Då kan det vera greitt for bokmålsbrukarane å få eksamensoppgåver med er-endingar i staden. Etter mitt syn har faglæraren eit ansvar for å leggja studiet godt til rette for studentane ikkje berre under førelesingane, men òg under eksamen.

Om denne tilrettelegginga tek so mykje tid at Sigmond vel å kalla det «tullarbeid» og snakkar om å «søle bort» tid, so er det hans ord. Tilrettelegging tek tid, men det er tilrettelegging me har faglærarar til. Å vera faglærar er ikkje ein hobby.

Sigmond meiner at me no har å gjera med eit «nynorskfiendtlig direktiv» fordi faglæraren (i dette tilfellet Sigmond sjølv) har språkvanskar, og dermed kan få nynorsken i rangstrupen.

Frå Aftenposten veit me at nynorskbrukande journalistar lyt skriva på riksmål. Dei protesterer ikkje på det, for dei visste då dei byrja i jobben, at no skulle dei skriva på sidemål og vel so det. Eg kan ikkje sjå at dette på noko vis har skada riksmålet. Når me skriv i embets medfør, må me alle retta oss etter dei reglane som gjeld jobben vår.

Dermed kan eg heller ikkje sjå at det kan skada noka av målformene at den offisielle statusen deira kjem til uttrykk ved at dei vert brukte. I Noreg er begge målformene offisielle skriftformer. Skulle me då ikkje sjå dette ved at det offentlege er pålagt å bruka begge målformene? I motsetnad til i Aftenposten kan ein jo i staten jamvel få lov til å bruka hovumålet sitt òg, og ikkje berre sidemålet.
   

Jardar Eggesbø Abrahamsen
stipendiat, Lingvistisk institutt