NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

 

Er det noko gale med rekrutteringa?

I førre Universitetsavisa (nr. 2, 2000) lurte ein på om det var noko gale med nordiskfaget sidan talet på studentar som søkjer seg til nordisk-institutt, jamt over er søkkande over heile landet. Ein «godt-seljande»(?) journalistisk innfallsvinkel til problematikken er sjølvsagt å gå laus på faget sitt innhald og spørje om det er noko gale med sjølve nordiskfaget.

No kom det også fram i reportasjen i Universitetsavisa at språkfaga generelt hadde problem med rekrutteringa, men det var ingen som snakka om å gjere noko med sjølve innhaldet i desse faga. Innhaldet i fremmendspråkfaga kan vel neppe seiast å vere nasjonal identitetsskaping, noko som dekanus ved HF-fakultetet reknar for å vere «både gammelmodig og uakademisk» når det gjeld nordisk. Det må altså finnast andre grunnar for at rekrutteringa sviktar.

Det er nok mykje ein kunne endre på for å skape eit betre nordiskfag. Men det er noko som kvart enkelt fag må tenkje over kontinuerleg. Det ein heilt klart kan konstatere, er at det er mindre rekruttering til ein god del typiske skolefag, mens det er betre stilt med dei nye «motefaga». Det spørst om ikkje NTNU si marknadsføring overfor nye potensielle studentar har vore med på å forsterke dette: Bli den du er! Dei fleste ungdommane er svært opptekne av data og andre kommunikasjonsmedium. Det er det ein «er». Når ein veks opp med å sitje framføre tv-skjermen eller dataskjermen store delar av dagen, er det sjølvsagt lettast å gå vidare med dette på universitetet. Det er trygt å gå vidare med noko som er kjent, og som ein av erfaring veit ein likar å halde på med. Kva hjelper det med pene brosjyrar og skolebesøk når elevane ikkje tør å starte på noko som dei aldri har vore borti før?

Eg har ved tidlegare høve presentert ein rekrutteringsmodell som eg meiner vil passe for dei typiske skolefaga, utan at nokon hittil har tenkt å setje denne modellen ut i praksis med noko konkret pilotprosjekt ? fordi det ikkje er pengar til slikt ... Både Institutt for nordistikk og litteraturvitskap og HF-dekanus har blitt orientert om denne modellen før.

Eg vil no presentere modellen for alle institutta ved NTNU og håpar at fleire vil tenkje over om han mogleg å gjennomføre.

Det er naturleg å gå ut ifrå at NTNU rekrutterer flest studentar frå Trondheim og Trøndelagsfylka. Ein veit òg at IKT er eit satsingsområde i skolane. IKT er også eit satsingsområde ved NTNU. Ved at det enkelte instituttet (eller fakultetet) tek kontakt med alle dei relevante vidaregåande skolane i rekrutteringsområdet, kan ein no etablere eit kontinuerleg samband med faglærarane i skolane og få direkte tilgang til elevane i klasserommet. Kvart institutt bør tilby eigne elev- eller rekrutteringssider der ein legg til rette for at elevane og lærarane kan finne inspirasjon og bakgrunnsstoff til undervisninga. Samtidig bør ein også opprette ei form for «leksehjelp» for å knytte personleg kontakt med dei mest interesserte elevane (t.d. via e-post). NTNU vil på den måten vere med på å fremme bruken av IKT i skolane, noko som bl.a. også KUF vil vere interessert i, samtidig som ein har «direktereklame» for NTNU inn i klasseromma utan at ein må sende ut dyre brosjyrar. I tillegg kan ein invitere klassar enkeltvis opp på institutta i samband med konkrete prosjekt i staden for å skremme både elevar og vitskapleg tilsette gjennom dårleg koordinerte arrangement som «Open dag». Dersom den enkelte eleven får god kontakt med eit institutt, vil det vere mykje meir sannsynleg at eleven vil starte med det aktuelle faget når han/ho ein gong skal studere.

Av erfaring veit ein at nye studentar gjerne startar med å studere det faget dei «likar» eller kjenner best, mens ein ofte bestemmer seg «undervegs» for det eller dei neste faget/faga. Det kan òg vere nyttig å ha eigne nettsider med eit oversyn over relevante yrkeskarrieremoglegheiter, slik ein har gjort det ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap (www.hf.ntnu.no/ nor/nor.htm - Karriere), utan at eg her vil seie at dette er den einaste eller beste måten å reklamere for faget sitt på.

Innlegget er meint å verke inspirerande. Og eg håpar at eg på denne måten kan inspirere institutta til å auke den publikumsretta aktiviteten på nettet.

 

Jens Haugan, Senter for etterutdanning og Inst. for nordistikk og

litteraturvitskap