NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør
Anne Katharine Dahl

Redaktør:
Tore Oksholen

Teknisk ansvarlig: 
Kenneth Aar

 

Uakademisk om nordiskfaget

Same dag som radioen melder at atten fagmiljø ved Universitetet i Oslo er avvikla og at rektor kallar denne raseringa for 'skaprydding', les eg i Universitetsavisa (nr 2-27.januar 2000) at nordiskfaget har hatt rekrutteringsproblem i tjuge år og at dekanus Petter Aaslestad, sjølv professor i nordisk litteratur, og min gode kollega, både skjønar og kan forklare problemet: Vi har ikkje reflektert over faget sin eigenart, vi har ikkje tatt nok omsyn til samfunnsutviklinga, vi driv med nasjonal identitetsskaping i staden for intellektuell refleksjon, vi er gamalmodige og uakademiske!

Kva skal ein ikkje få av sine eigne! Eg vart provosert og forbanna og trist av å lese intervjuet, mest av alt fordi bildet han gir av nordiskfaget er så fjernt frå det bildet eg har. Og så fjernt frå røyndomen. Problemet er ikkje at eg er usamd med Petter Aaslestad i det han held fram som faglege verdiar, eller i behovet for kontinuerleg fagkritikk og refleksjon. Nei, det eg finn grovt urimeleg, er at han framstiller oss som eit fag utan desse verdiane.

Nordisk har heller ikkje hatt rekrutteringsproblem i tjuge år. Det kan dokumenterast med statistikk. Etter nedgangen og den brå veksten på 1980-talet har faget hatt god rekruttering til for to semester sidan, da nedgangen skjedde like dramatisk som brått. Det har mange, samansette årsaker som vi må prøve å finne ut av, men grunnen er neppe at studentane brått, der og då, kom på at nordisk var gammaldags og uinteressant. Gledeleg god har også rekrutteringa av forskningsstipendiatar vori i nordiskfaget dei siste åra, når det gjeld både littterære og språklege disiplinar, og kanskje kan vi vere så freidige at vi set dette i samband med det aktive forskingsmiljøet vi har på nordisk, eit miljø som har ført til mange gode hovudoppgåver og seinare forskingsprosjekt. Eg får ikkje dette høge aktivitetsnivået til å stemme med det preget av bakevje som dekanus gir fagmiljøet vårt.

Ved å skjøne kvifor studentane «strømmer til mediafagene» og ved å relatere til «samfunnsutviklingen» kjem Aaslestad til å røre ved det vanskelege forholdet mellom kvalitet og popularitet. Innanfor kunst og kultur er dette gjenstand for ein evig debatt, og stadig større felt blir i dag vurdert og bedømt ut frå kvantitative kriterium. I ein slik 'samfunnssituasjon' bør ikkje popularitet i omtalen av universitetsfag og fagutvikling vere eit uproblematisk og eintydig positivt fenomen. I det å «skjele til samfunnsutviklingen» i dag, ligg det ein fare som signaliserer det motsette av det å vere kritisk og reflektert i sine holdningar.

I det stutte avisintervjuet talar dekanus med store bokstavar, og det er lett å gi han synspunkt og holdningar han ikkje har. Men slik intervjuet står, er det ikkje først og fremst det vi formidlar, Aaslestad er kritisk til, men måten vi formidlar faget på, og i mitt tilfelle litteraturen. Vi formidlar ein stivna tradisjon, gammalmodig og ureflektert.

Gjer vi verkeleg det? Er vi så forstokka i forhold til den fagrefleksjon og dei metaperspektiv som har prega litteraturstudiet i så mange år? Litteraturhistoria, som tradisjonelt har vori mediet for «nasjonal identitetsskaping, blir da i dag studert i dette kritiske perspektivet. Ja, nettopp litteraturhistoria gir nordiskstudenten og læraren eit privilegert høve til å sjå og reflektere over ideologiske føresetnader for sjangeren . Og når det gjeld teoretiseringa av litteraturfaget, som har vori så sterk dei seinare åra, er vi med, og les dei same kanoniserte, internasjonale teoretikarane som studentar på andre litteraturfag. Den norske kanonlitteraturen blir ikkje studert som nasjonale klenodium, men i det kritiske perspektivet som kunnskap om faghistorie, metode og teori i beste fall kan gi råstoff til.

Men sjølvsagt skal vi ikkje vere for sjølvtilfredse. Ein som har vori med i studieplanarbeid i over tretti år, veit kor vanskeleg det er å bryte radikalt med fagtradisjonen, og i kor stor grad strevet endar i kompromiss på kompromiss. Nordiskfaget kunne sjølvsagt hatt eit heilt anna innhald enn det har i dag, mindre bestemt av ein sterk fagtradisjon. Vi kunne hatt andre faglege tyngdepunkt og prioriteringar. Innhaldet i faget og undervisningsformene i faget kunne vori andre. Forholdet mellom eldre og nyare litteratur, mellom skjønnlitteratur og teorilitteratur, mellom læring gjennom skriving og gjennom lesing - er ikkje gitt ein gong for alle. I eit slikt perspektiv er vi tradisjonelle og treng debatt, utprøving og eksperimentering, som alle andre universitetsfag. Men den alvorlege mangelen som dekanus utstyrer oss med, kan eg ikkje forstå at vi har.

Steinar Gimnes,

professor
ved Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap

.