IT i utdanning
IT i utdanning
IT i utdanning
Programmet IT i utdanning vart oppretta som eit eige program under NTNU IT for å sikre langsiktig satsing og ivareta felles sentrale behov for digital utvikling innafor utdanningsområdet.
Programmet omfatta mellom anna Digitale tenester (Office365), Digital eksamen, innkjøp og innføring av Blackboard og Interaktive læringsareal. Programmet vart avslutta i 2020, og aktiviteten i programmet vidareførast no gjennom arbeid i Seksjon for læringsstøtte , NTNU IT og NTNUs digitaliseringsprogram.
NTNU skal vere internasjonalt konkurransedyktig og attraktiv for dyktige tilsette og studentar. IT og digitalisering endrar fundamentet for utdanning og kunnskapsproduksjon, og digitale og mobile teknologiar er i ferd med å transformere måten utdanning blir formidla og kunnskap innhenta på. Utviklinga på utdanningsområdet gjer at det stillast stadig større krav til digital infrastruktur og digitale verktøy.
Sentrale løysingar må bli moderniserte, og nye tenester og verktøy må utviklast og gjerast enkelt tilgjengelege for studentar og faglærarar, slik at dette ikkje blir ei barriere for faglærarar som vil utvikle og modernisere utdanningsforma si. Dagens og framtidas studentar forventar auka bruk av digitale moglegheiter for å ta til seg kunnskap og læring.
Den overordna hensikta med programmet var å etablere ei samla portefølje med gode digitale tenester og løysingar som gjorde NTNU i stand til å utvikle seg og sine faglærarar i tråd med trendar og utviklingstrekk innanfor høgare utdanning.